Familieambulatoriet

Vi er eit lågterskeltilbod for førebygging av rusrelaterte skader og psykososiale vanskar hos barn gjennom tidleg innsats i utsette familiar.

Familieambulatoriet er eit tilbod til gravide og småbarnsfamiliar der ein eller begge foreldra har eller har hatt eit problematisk forhold til rusmidlar eller har utfordringar på grunn av psykiske vanskar.

Vår oppgåve er å hjelpe barna gjennom å styrke foreldra sin omsorgskompetanse og tidleg avdekke eventuell skeivutvikling hos barna. Vi kan følgje familien over lengre tid, om naudsynt fram til skolestart.


Vi vil bidra til at familiane fangast opp og, i samarbeid med andre hjelpeinstansar, bidra til at kvar enkelt og familien samla får den hjelpa som skal til for å trygge barnet sin omsorgssituasjon og utviklingsmoglegheiter.


Tilbodet skal vere fleksibelt og individuelt tilpassa den enkelte familie sine behov.


I tillegg til den kliniske verksemda vil teamet kunne gi tilbod om rettleiing og konsultasjon til kommunale tenester og anna hjelpeapparat som brukarane er i kontakt med.

• Kartlegging av ressursar og hjelpebehov i familien
• Forsterka svangerskapsomsorg og samtalar for å førebu til fødsel og foreldreskap
• Individuelt tilpassa oppfølging etter fødsel
• Retteleiing og råd knytt til barnet si utvikling og behov blant anna gjennom oppfølgende barneundersøkingar
• Bistand i møtet med hjelpeapparatet ved å vere en «følgjesvenn» til andre instansar

Familieambulatoriet er eit lågterskeltilbod i den forstand at både foreldra sjølv og andre hjelpeinstansar kan kontakte oss direkte. Vanlege tilvisingsrutinar gjeld, eller ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Vi vurderer tilvisingar fortløpande, og tilbod om oppfølging skal komme raskt i gong. Tilbodet vi gir er frivillig og gratis.

Vi er eit tverrfagleg team med jordmor, pedagog, sjukepleiar, barnelege og psykolog.

  • Helsesøster Anette Michelsen Flatås
  • Pedagog Solveig Haraldseid
  • Jordmor Vigdis Johannessen
  • Jordmor Marie Lindtner
  • Barnelege frå barneseksjonen i Helse Fonna
  • Psykologspesialist frå sped- og småbarnsteamet ved BUP, Helse Fonna.
  • Funksjonsleiar/spesialsjukepleiar Kjersti N. Bårdsen

Vi held til i Karmsundsgata 77 (Worum-bygget), sør for Haugesund sjukehus.

Sjå kart

Familieambulatoriet i Helse Fonna er etablert som ledd i den nasjonale satsinga på «Barn som pårørende». Vi er ein del av medisinsk klinikk i Helse Fonna, og eit samarbeid mellom medisinsk klinikk, kirurgisk klinikk og klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna, Haugaland A-senter, Solstrand barnevernssenter (Foreldre og barn-avdeling) og ulike instansar i kommunane er viktige samarbeidspartnarar.

Kontakt

Telefon

  • Måndag STENGT
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Fonna, Postboks 2170, 5504 Haugesund

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Karmsundsgata 77, Worum-bygget.