Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Folgefonn DPS

Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Poliklinikken utgreier og behandlar personar over 18 år med moderate til alvorlege psykiske lidingar. Pasientar må vere tilviste frå lege/psykolog. Vi har behandlingstilbod både på Valen og i Odda.

Eit tilbod ved poliklinikken avheng av: 

  • kor omfattande lidingen er 
  • funksjonsfallet personen har hatt 
  • om ein forventar nytte av behandlinga 

Behandlingstilbod 

  • Individuelle samtalar 
  • Utgreiing og kartlegging 
  • Behandlarar med kompetanse innan kognitiv atferdsterapi 
  • Emosjonsfokusert terapi 
  • Psykodynamisk terapi 
  • EMDR – samtaleterapi for bearbeiding av traumeminner, angst, depresjon og PTSD 
  • Behandling av spiseforstyrringar (CBT-E) 
  • Musikkterapi 
  • Medikamentell behandling 
  • IPS – individuell jobbstøtte 
  • eBehandling (internettbehandling) for depresjon, sosial angst og panikkliding. 

Vi samarbeidar med 

  • Fastlege 
  • NAV 
  • Primærhelseteneste 
Sist oppdatert 17.02.2026