Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Folgefonn DPS

FACT-team

Vi har eit FACT-team som gir fleksibel og aktivt oppsøkjande behandling til personar med alvorlege psykiske lidingar eller rusproblem som gir store utfordringar i kvardagen. Fagpersonane våre samarbeider tett med kommunane for å tilby heilskaplege, samordna og oppsøkjande tenester der du bur.

Om FACT-teamet

FACT-teamet ved Folgefonn DPS har tett samarbeid med kommunane Kvinnherad og Ullensvang. Ved å samarbeide med fleire hjelpeapparat kan vi koordinere tenester som best mogleg kan hjelpe mot ein betre kvardag.  

FACT står for Flexible assertive community treatment og kan omsetjast til Fleksibelt aktivt oppsøkjande behandlingsteam. FACT er ein behandlingsmodell som er utvikla gjennom fleire år i Storbritannia, USA og Nederland. 

Kven er vi 

I teamet jobber overlege, psykolog, erfaringskonsulent, spesialsjukepleier, spes.vernepleier, klinisk sosionom, musikkterapeut og ruskonsulent.   

Kven kan nytte seg av FACT-teamet? 

Tilbodet gjeld for personar over 18 år som har mistanke om alvorleg psykiske lidingar, og som ikkje klarar å nyttiggjere seg av ordinært poliklinisk eller kommunalt tilbod.  

Vi i FACT-teamet ved Folgefonn DPS har, i samarbeid med kommunane i opptaksområdet, utarbeidd ei lokal tilpassing for kven tilbodet gjeld: 

  • Personar som treng behandling 
  • Personar med ein tilstand som ikkje er av forbigåande art, men gjennomgripande og langvarig 
  • Personar med alvorleg svikt i sosial funksjon 
  • Personar som har behov av koordinerte tenester frå ulike instansar, som kommunen, NAV, eller IPS 

Tilvising 

Pasienten sjølv, familie, den kommunale helse- og sosialtenesta eller andre kan kontakte FACT-teamet, anten anonymt eller for å drøfte om nokon kan vere aktuelle for teamet. 

Vi treng også tilvising frå lege. 

Pårørande 

Pårørande er ein viktig ressurs i behandlinga og i omsorga for sine nære. Som pårørande vil ein ofte ha behov for støtte og hjelp. Sjølv om helsepersonell har teieplikt, har pårørande likevel rett på informasjon. Alle pårørande har også rett til generell rettleiing. 

Vi legg vekt på 

  • Pasienten sitt perspektiv, ressursar og miljø 
  • Å fremje meistring og sjølvstende 
  • Behandling med medisinar ved behov 
  • Symptomlindring 
  • Rusbehandling 
  • Familie- og nettverksstøtte 
  • Støtte og rettleiing til å meistre daglege gjeremål 
  • Arbeid, bustad, meiningsfull aktivitet og fritid 
  • Samtaleterapi 
  • Støttesamtale 
  • Individuellplan og kriseplan 
  • Samarbeid med fastlege og andre aktuelle aktørar 
  • Oppfølging og behandling regulert etter pasienten sine ønskjer og behov 

Recovery

Recovery-perspektivet ligg som fundament i tilnærmingsmetoden til FACT-teamet. Filosofien bak recovery er å leggje til rette for at alle kan leve eit tilfredsstillande og meiningsfullt liv. Ei grunnleggjande haldning i recovery er derfor trua på at personar med psykiske vanskar kan ha ein god og meiningsfull kvardag.

Behandlar og brukar jobbar som likeverdige partnarar mot brukarens eigne mål. Brukaren er ekspert på seg sjølv, medan behandlaren er ekspert på det faglege. Relasjonen er basert på openheit og tillit.

Målet er at brukaren får tilstrekkeleg med kunnskap, ferdigheiter, nettverk og støtte til å ta ansvar for eige liv.  

Les meir om Recovery 

Tilsette i FACT-teamet 

Teamet er tverrfaglig samansett og består av overlege, psykolog, erfaringskonsulent, psykiatrisk sjukepleier, klinisk sosionom og ruskonsulent.  

Kontakt oss 

Vi er tilgjengelige på telefon både for pasientar og samarbeidspartnarar mellom klokka 8.00 og 15.00 i vekedagane. Vi har ikkje bakvakt på kveld og i helger, men vi skal syte for at pasientane har ein sjølvhjelpsplan slik at dei kan oppleve trygghet i tidsrom der vi ikkje er tilgjengelege. 

Alle instansar kan kontakte FACT-teamet for å konsultere på anonymt grunnlag eller for å drøfte om ein pasient eller brukar er aktuell for hjelp av oss. 

  • Ekspedisjon: 53 46 65 90 
  • Dir.nr. FACT teamet: 94 79 26 97   
Sist oppdatert 17.02.2026