Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Folgefonn DPS

Psykisk helsevern for vaksne (PHV) - tilvising til Folgefonn DPS

Dersom pasienten har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar, er det grunnlag for tilvising frå lege eller psykolog til behandling i spesialisthelsetenesta.

Pasienten kan og bør sjølv vere med på å utarbeide tilvisinga (henvisning). 

Dette må vere med i tilvisinga

  • Personopplysningar (namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer) 
  • Familiesituasjon 
  • Historikk og status knytt til psykisk og somatisk helse 
  • Medisinar 
  • Rusmiddelhistorikk 
  • Skule, arbeid og økonomi 
  • Involverte instansar og samarbeidsrelasjonar 
  • Iverksatte og planlagde tiltak 
  • Individuell plan (IP) 
  • Ressursar og eventuelle utfordringar hos pasienten 
  • Mål for behandling 

Sende tilvising

Tilvisinga sendast elektronisk.

Når spesialisthelsetenesta mottar tilvisinga, blir det vurdert om pasienten har rett til helsehjelp, og frist for start av behandling. Vurderinga blir gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsforskriften og prioriteringsrettleiarar.  

Våre lokasjonar 

Folgefonn DPS
Sjukehusvegen 13
5452 Valen

Folgefonn DPS
Sjukehusvegen 8
5750 Odda

Sist oppdatert 23.02.2026