Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Folgefonn DPS

Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)

Vi utgreier og gir eit poliklinisk behandlingstilbod til deg som har både rusliding og psykiske lidingar, også kalla ROP-lidingar. Vi undersøkjer også behov for plass i rusbehandlingsinstitusjon og hjelper til med å søkje om plass.

Behandlingsmål

Målet vårt i behandlinga av deg med rusliding, er å gjere behandlingstida kortare og støtte deg i å bli rusfri.  

Målsetjingane våre blir tilpassa kvar pasient. For å setje realistiske mål vurderer vi mellom anna når ruslidinga starta, kor lenge det har vart, kva slags rusmiddel som er brukt, alder, kjønn og psykisk og fysisk helsetilstand. Også erfaringar frå samliv, utdanning, arbeid og økonomi spelar inn når vi lagar mål for behandlinga.

Vi følgjer også opp pasientar som er i LAR-behandling (legemiddelassistert rehabilitering) i Kvinnherad og i Ullensvang. 

Kven treff du hos oss? 

Poliklinikken er tverrfagleg samansett, med kompetanse innan medisin, psykologi og sosialfag. 

  • Behandlingsformer 
  • Traumebehandling 
  • Kognitiv behandling 
  • Medisinsk behandling 
  • Systemisk tilnærming 
  • Pårørandearbeid 
  • Motiverande intervju 

Kven samarbeider vi med? 

  • Kommunale instansar 
  • NAV 
  • Fastlege 
  • Pårørande 
  • Andre avdelingar i Helse-Fonna, blant anna Avrusningsposten ved Haugesund sjukehus 
  • Rusinstitusjonar, både eksterne og lokale, som Ungdomseininga ved Karmøy DPS, som tilbyr tverrfagleg spesialisert rusrehabiliteringsbehandling. Dette er eit langtidsopphald på inntil eitt år, med tilbod om ettervernsoppfølging for unge vaksne mellom 18 og 27 år. 

Pårørande og samarbeid med andre 

For deg som er pårørande eller arbeider i samarbeidande organ, tilbyr vi generell informasjon, råd, rettleiing og undervising. 

Sist oppdatert 17.02.2026