Forsking og innovasjon
Forsking styrkar tilbodet vi kan gi våre pasientar og er derfor eit naturleg satsingsområde i Helse Fonna. Forsking er ei av hovudoppgåvene til Helse Fonna. Seksjon for forsking og innovasjon er ein ressurs for pasientbehandlinga og bistår dei som treng hjelp og støtte i samband med forskingsprosjekt.
Kontakt
Telefon
E-post
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Møllervegen 22, Haugesund.
Helse Fonna skal ha forsking og innovasjon av god kvalitet i alle kliniske einingar.

Kliniske studiar - forsking på ny behandling
Kliniske studiar med menneske blir også kalla utprøvande behandling for nye metodar og legemiddel. Når du deltar i studiar som pasient, får du tett oppfølging. Dette inneber fleire kontrollar, testar og prøvar enn vanleg behandling.

Forskingsnyheiter frå Helse Fonna
- 28. november 2022To postdoktorstipend til Helse Fonna
Tone Henriksen og Kirsten Braatveit kom gjennom nålauga hos Helse Vest.
- 30. august 2022Kortare ventetid ved bruk av inntakssamtale
Meir enn 1 av 4 pasientar med rett til helsehjelp i psykisk helsevern fekk kortare maksimal ventetid ved DPS når fristen var basert på ein inntakssamtale enn på berre tilvisinga.
- 17. august 2022Ho blir ny forskingssjef
Haldis Økland Lier sluttar som fagdirektør og går over i stillinga som forskingssjef i Helse Fonna.