I dag brukast éin app og tre sensortypar som gir oss mange svar for det som registrerast kan – hallusinasjonar kan vi for eksempel ikkje få objektive data om.
Søvnradar
Ein søvnradar registrerer ulike fasar av søvnen. For DLB er forstyrring av REM-søvna eit viktig symptom, men også om dei rører på seg.
Utagerande draumar er vanleg. For eksempel kan ein draum om å slåst, gjere at pasienten rett og slett slåst i søvne.
Smartklokke
Puls, blodtrykk eller til og med EKG kan registrerast. Ved å for eksempel sjå endringar i hjarterytme over tid kan vi fange opp endringar i sjukdommen.
Slike data kan også brukast til å diagnostisere. Endringar som er typisk for DLB er ikkje dei som for Alzheimers-sjukdom for eksempel. Slik kan vi skilje mellom sjukdommar og sjukdomstypar.
Sensorar for bevegelse
Pasienten brukar over ein periode på sju dagar to til tre slike sensorar. Dei er på handledd , korsrygg eller andre stader. I denne perioden skal dei vere på dag og natt.
Også her gjennomgår vi data med kunstig intelligens. Sensorane gir oss verdiar for aktivitet. Eit fall vil gi utslag i stor aktivitet, og det er gjerne fall vi ønskjer å registrere.
Men også bevegelse under søvn, som nemnt over. I slike tilfelle kan små sensorar erstatte meir omfattande metodar, som å bruke elektrodar ved søvnregistrering.
Aneed-app
Gjennom registreringar i vår app får forskarar tilgang til data. Det er mykje informasjon vi analyserer og ut frå dette kan vi finne mønster.
Også sensorar for pårørande
DLB utviklar seg ofte raskt og kan vere belastande for pårørande. Derfor skal pårørande også bruke desse sensorane. Pårørande kan også registrere i appen. Her registrerer dei sine data og blir slik ei kontrollgruppe. Dessutan seier deira registreringar noko om pårørandebelastinga.