Avdeling for forsking og innovasjon
Brukarmedverknad i helseforskings- og innovasjonsprosjekt
Brukarmedverknad er ein viktig del av forskingsarbeidet vårt. Det betyr at pasientar, pårørande og andre med eigenerfaring får vere med og påverke forsking og utvikling av helsetenester.
Det handlar om å lytte til dei som kjenner kvardagen med sjukdom og behandling og bruke denne kunnskapen til å skape betre løysingar i samråd med brukaren. Målet er å heve kvaliteten og sikre at forskinga er relevant, forståeleg og nyttig for dei som til sist skal dra nytte av den.
Kven er brukarane?
Forskings- og innovasjonsaktiviteten i Helse Fonna har fokus på å få ny kunnskap om helse og sjukdom, utvikle ny og betre behandling samt å (vidare)utvikle helsetenesta. Brukarane vil difor i dei aller fleste høve inkludere pasientar og/eller pårørande. Sidan nyvinningar ofte vil innebere nye måtar å jobbe på for tilsette i helsetenesta, vil også tilsette i nokre prosjekt kunne reknast som brukarar. Kva type brukar som blir involvert, blir alltid tilpassa prosjektet sitt tema og innhald.
Korleis involverer vi brukarar i forsking?
Måten brukarinvolvering går føre seg i forskings- og innovasjonsprosjekt kan variere. Døme på oppgåver brukarar kan bidra med er:
- Utvikle forskingsspørsmål
- Vurdere prosjektet sin relevans og etikk
- Gi innspel på praktisk gjennomføring av prosjekt (særleg i kliniske studiar)
- Tolke data
- Formidle forskingsresultat til allmennheita.
I kvart prosjekt vurderer ein når og korleis brukarar kan bidra. Som hovudregel blir dei involvert tidleg, helst i planlegginga. Då kan brukaren også vere med på vurderinga. I nokre prosjekt kan brukarar, forskarar og eventuelt andre aktørar samarbeide om kunnskapsproduksjonen. Dette blir kalla «samproduksjon». Brukarar vil i slike tilfelle bli inkludert som medforfattar på vitskaplege publikasjonar.
Det er forskar/prosjektleiar sitt ansvar å sikre brukarmedverknad i forskings- og innovasjonsprosjekt. Rekruttering av pasient- og/eller pårørande som brukarmedverkar skjer ofte gjennom pasient- og brukarorganisasjonar, men det kan også skje ved direkte kontakt med brukaren. I Helse Fonna bidreg også Brukarutvalet og Ungdomsrådet aktivt i forsking og utvikling. Du kan lese meir om korleis Brukarutvalet og Ungdomsrådet jobbar lengre nede på denne sida.
Honorering og teieplikt
Brukarrepresentantar får honorar for arbeidet sitt. Timebetaling blir gitt etter fastsette satsar i Helse Fonna. Førebuing kan også honorerast. Reiseutgifter og eventuell tapt arbeidsforteneste kan dekkjast etter avtale.
Teiepliktsreglane i forvaltingslova gjeld for alle som «utfører teneste eller arbeid» for eit forvaltingsorgan, og gjeld derfor også brukarrepresentantar. Brukarrepresentantar i Helse Fonna skal inngå kontrakt og signere teiepliktskjema før oppdraget startar.
Kvifor brukarmedverknad?
Brukarmedverknad er ein lovfesta rett. Som pasient har du rett til å medverke i eiga behandling, og helsetenesta har plikt til å leggje til rette for det. Dette er forankra i fleire lovar, som Pasient- og brukarrettighetslova, Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og Helseføretakslova § 35.
I forsking er brukarmedverknad derimot ikkje direkte lovfesta, men det er likevel ei sterk anbefaling. I 2015 vedtok dei regionale helseføretaka nasjonale retningsliner for brukarmedverknad i helseforsking. Dei fleste offentlege og private aktørar som finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i helsetenesta stiller også brukarmedverknad som eit krav for å gi finansiering.
I Helse Fonna har dei aller fleste aktive prosjekta (per 10.12.25) ei form for brukarinvolvering.
Brukarmedverknad sett i system
Brukarmedverknad kan skje på tre nivå:
- Individnivå - Pasienten i dialog med behandlar. Pasienten skal få informasjon, bli høyrt og ha valmoglegheiter i eiga behandling og oppfølging.
- Tenestenivå - Brukarrepresentantar samarbeider med fagfolk for å utvikle og forbetre helsetenestene, til dømes i brukarutval, ungdomsråd eller prosjektgrupper.
- Systemnivå - Brukarrepresentantar deltek i overordna, strategisk arbeid med utvikling av helse- og omsorgstenester.
Alle helseføretak skal ha eigne brukarutval som ivaretek brukarperspektivet på teneste- og systemnivå. I Helse Fonna har vi Brukarutvalet og Ungdomsrådet. Medlemmene der jobbar på vegne av pasientar og pårørande, og skal sikre at brukarperspektivet blir høyrt i alle relevante saker – inkludert i forskings- og innovasjonsprosjekt.
Brukarutvalet i Helse Fonna
Brukarutvalet er ein viktig samarbeidspartnar for forsking i Helse Fonna. Utvalet gir innspel til prosjekt og bidreg til at pasient- og brukarperspektivet blir ein naturleg del av forsking og utvikling av helsetenestene.
Brukarutvalet er eit rådgjevande organ for styret og administrasjonen i Helse Fonna. Utvalet består av 9 medlemmar og 5 varamedlemmar, valde av styret for to år om gongen. Dei kjem frå organisasjonar som Kreftforeininga, Samarbeidsforumet Av Funksjonshemmedes Organisasjoner (SAFO), Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) og Pensjonistforbundet.

Utvalet har 8–10 møte i året og gir innspel til drift, nasjonale høyringar og større prosjekt på systemnivå. Medlemmane har faste plassar i Helsefellesskapa, Klinisk etisk komité og Kvalitetsutvalet. Leiar og nestleiar deltek i styremøta, og leiar har talerett.
Forskings- og innovasjonsavdelinga møter Brukarutvalet to gonger i året for å orientere om drift og prosjekt. Alle nye forskingsprosjekt skal i tillegg leggast fram for utvalet.
Oppgåver til Brukarutvalet:
- Gi innspel til drift og utvikling av helsetenestene på systemnivå
- Delta i nasjonale høyringar og større prosjekt
- Ha faste plassar i Helsefellesskap, Klinisk etisk komité og Kvalitetsutvalet
- Bidra med råd til styret og administrasjonen i Helse Fonna
- Delta i styremøta (leiar har talerett)
- Gi innspel til forskingsprosjekt og innovasjon
- Møte forskingsavdelinga to gonger i året for orientering og dialog
- Sikre at pasient- og brukarperspektivet blir ein del av forsking og utvikling
Ungdomsrådet i Helse Fonna
Ungdomsrådet består av 10 engasjerte ungdomar mellom 12 og 25 år med eigenerfaring som ung pasient eller pårørande innan somatikk og/eller psykisk helsevern. Ungdomsrådet fungerer som talerøyr for ungdom, og skal sikre at deira perspektiv og interesser blir høyrt i sakar som angår born, ungdom og unge vaksne ved sjukehuset.
Ungdomsrådet har omlag 8-9 møter i året, og gir innspel og råd til helsepersonell og leiinga for å forbetre tenestene, trivselen og behandlingstilbodet for born og unge.

Ungdomsrådet deltar og medverkar i forsking på ulikt vis. Forskarar i Helse Fonna presenterer relevante prosjekt på møta til Ungdomsrådet, slik at dei kan gi tilbakemelding på spørsmål og problemstillingar. Medlemmar frå Ungdomsrådet har også vore med på å teste produkt under utvikling av lokale forskarar, til dømes blåblokkerande briller for betre søvnkvalitet).
Gruppa ynskjer å vere aktiv i forskings- og innovasjonsavdelinga sitt arbeid som kan dreie seg om born og ungdom, men også tenester for vaksne, då det er snakk om framtida. Gjennom aktiv brukarmedverknad bidreg Ungdomsrådet til å forbetre og tilpasse dagens helseteneste, samt å utvikle betre og meir berekraftige helsetenester for pasient og pårørande.
Vil du bidra?
Har du erfaring som pasient eller pårørande, og ønskjer å bidra til forsking og utvikling av helsetenester? Ta kontakt med forskings- og innovasjonsavdelinga i Helse Fonna: forsking@helse-fonna.no.