Forsking og innovasjon
Innovasjon og idemottak
Innovasjon er ein viktig nøkkel til å redusere det aukande gapet mellom ressursar og behov i framtidas helseteneste. Målet vårt er å bidra til betydelege forbetringar for pasientar og tilsette. Brukarane sin innsikt og erfaring er avgjerande for å få til dette.
Send oss store og små idear
I arbeidet med å bli eit enda betre sjukehus treng vi din idé, enten du er
medarbeidar, pasient, pårørande eller samarbeidspartner.
Har du eit behov eller utfordring med stort potensial eller ei god løysing? Del din idé, så høyrer du frå oss!
Send inn ditt forslag til Idémottaket (krev innlogging)
Om innovasjonsavdelinga
Vi som jobbar i Innovasjonsavdelinga i Helse Fonna bistår heile helseføretaket og samarbeider med ulike miljø regionalt og nasjonalt.
Oppgåvene våre er å:
- støtte tilsette i alle fasar av innovasjonsprosjekt,
- vere eit koplingspunkt med andre innovasjonsmiljø og næringsliv,
- gi råd innanfor immateriell eigedom og avtalar.
Kontaktpersonar
Sist oppdatert 28.08.2025