Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk og urologisk sengepost

Vi har samla det du kanskje lurer på når du skal til oss. Ta gjerne kontakt om du har fleire spørsmål.

Kva bør du ha med deg når du skal leggast inn?

Før du kjem må du hugse å ta med deg lette kleder, personlege hygieneartiklar og telefonladar. Du må bruke dine eigne kler når du skal ete i kantina. 

Når du blir utskriven, må du sjekke at du har pakka alle eigedelane dine. 

Døgnrytme

Slik er dagsplanen for deg som er innlagt på sengeposten.

  • Morgonstellet startar ca. klokka 7.30
  • Frukost frå klokka 8.00
  • Legevisitt frå klokka 9.00
  • Lunsj frå klokka 12.00
  • Middag frå klokka 15.00
  • Kveldsmat frå klokka 18.30
  • Kveldssuppe ca. klokka 21.00

Måltid

Måltid blir servert i pasientkantine i 4. etasje, eller på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå ut.

Opningstider kantine

  • Frukost: 08.00-09.30
  • Lunsj: 11.30-13.00
  • Middag: 14.30-15.30
  • Kveldsmat: 18.30-19.30

Besøk

Ordinær besøkstid er mellom klokka 17.00 og 18.30 alle dagar.

Det er ønskeleg at ein hovudpårørande har kontakt med avdelinga, og at denne personen informerer andre pårørande viss dette lar seg gjere.

Besøke pasientar i isolasjon og rutinar for smittevern

Nokre av våre pasientar må vere i isolasjon grunna smittevernomsyn. Det betyr at dei ikkje kan forlate rommet sitt før dei er ferdig med behandlinga/før dei er smittefrie.

Viss du skal besøke ein pasient som er i isolasjon, må du ta kontakt med personalet i skranken. Vi skal rettleie deg i rutinane du må følgje for å beskytte deg mot smitte under besøket.  

Sist oppdatert 20.11.2025