Gastrokirurgisk avdeling
Råd til deg som ventar på operasjon
Det er mykje du som pasient kan gjere for at operasjonen din skal bli mest mogleg velukka.
Kosthald
Mens du ventar på operasjonen anbefaler vi at du prøver å ete så sunt som mogleg. Ved å ete riktig får kroppen fylt opp lagra av nødvendige vitaminer, mineraler og er meir førebudd på den påkjenninga som ein operasjon inneberer.
Vi anbefaler at du prøver å følgje myndigheitene sine anbefalingar om:
- Å ete 2 porsjonar frukt og 3 porsjonar grønsaker om dagen
- Å ete grove korn- og brødvarer
- Å ete fisk (gjerne feit fisk) som middag eller pålegg
- Å velje magert kjøtt (svin, kylling/kalkun) og magre meieriprodukt
- Å redusere inntaket av eller være forsiktig med sukker og salt
Går du ned i vekt?
Dersom du har problem med å få i dag nok mat og drikke og/eller går ufrivillig ned i vekt må du ha oppfølging av helsepersonell. Ta difor kontakt med din fastlege dersom du har problem med å få i deg nok næring eller holde oppe vekta.
Forsking har vist at underernærte pasientar får fleire komplikasjonar og blir liggande lengre i sjukehus enn dei som ikkje er underernærte.
Næringsdrikkar
For dei fleste vil det vere nok å nytte næringsdrikkar i tillegg til dei vanlege måltida for å sikre at ein får i seg nok næring og unngår komplikasjonar. Næringsdrikkane finns i mange forskjellige typar og smakar.
Fysisk aktivitet
Mange er sjukemeld mens dei ventar på ein operasjon. Det er då lett at ein blir sittande og vente og dermed er i mindre aktivitet enn vanleg. Vi anbefaler at du prøver å vere så aktiv som mogleg fram til operasjonen slik at du kan oppretthalde og helst auke muskelstyrken og kondisjonen.
Betre kondisjon og styrke gjer at du kjem deg raskare etter ein operasjon og klarar deg med mindre hjelp. Husk at all aktivitet er betre enn ingen aktivitet.
Vi anbefaler aktivitetar som:
- gange (helst rask)
- sykling
- symjing
- annan aktivitet du trivst med
Helst bør du prøve å vere i moderat fysisk aktivitet i minst 30 minuttar kvar dag. Du kan også dele aktiviteten opp i kortare periodar på minst 10 minutt.
Dei som er i stand til det bør regelmessig gjere styrkeøvingar i tillegg, spesielt dei store muskelgruppene som mage, rygg og lår/sete.
For mange vil det føre operasjonen vere nyttig å bli kjend med øvingar som du skal bruke for å trene deg opp etter operasjonen.
Røyking
Røykjarar er meir utsett for komplikasjonar samanlikna med dei som ikkje røykjer.
Risikoen kan halverast dersom ein lar være å røyke minst 4 veker før operasjonen og helst 4 veker etter operasjonen.
Ein vil også kunne få eit finare arr etter operasjonen dersom ein sluttar å røyke i forbindelse med operasjonen. Det er nok å starte med for eksempel nikotinplaster for å halvere risikoen.
Det er ikkje hjelp i bare å redusere røykinga. Bruk av nikotinplaster, andre nikotinpreparat (tyggegummi, sugetablett) eller eit lækjemiddel som er godkjend, aukar moglegheitene for at du skal lukkast.
Meld deg på eit røykesluttkurs, då aukar moglegheitene ytterligare for å lukkast.
Alkohol
Pasientar som jamleg drikk alkohol fleire dagar i veka er meir utsett for komplikasjonar enn dei som ikkje drikk eller drikk lite alkohol.
Risikoen for komplikasjonar aukar dess meir ein drikk. Dette gjeld spesielt dei som i gjennomsnitt drikk meir enn to alkoholeiningar dagleg. Dette er meir enn to små flasker øl eller meir enn to små glas vin dagleg.
Alle som skal opererast må helst la vere å drikke alkohol siste veka før operasjon. Ein må ikkje nyta alkohol siste 24 timar før operasjon. Vi anbefaler difor alle som skal opererast å la vere å drikke alkohol i minst 4 veker før operasjonen då dette vil kunne halvere risikoen for komplikasjonar. Det er ikkje hjelp i berre å redusere alkoholforbruket.