Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk avdeling

Informasjon til deg som skal fjerne deler av prostata

Prostataoperasjon 

Prostata er ein kjertel som ligg blærehalsen hos menn. Denne kjertelen veks ofte når du blir eldre. Hos nokre blir han så stor at han klemmer på urinrøyret og hindrar urin-drenasje. Då kan du merke at urinstrålen blir svakare, du må oftare på toalettet, og kanskje stå opp om natta.

For å lage større opning forbi prostata, kan kirurgen fjerne deler av prostatakjertelen. Dette kan gjerast på fleire måtar. Legen avgjer saman med deg kva metode som blir brukt.

Etter operasjonen

  • Det blir lagt in eit kateter (slange) gjennom urinrøyret til blæra.
  • Det blir starta gjennomskylling med fysiologisk saltvatn. Tre literposar med saltvatn blir kopla til og skyl kontinuerleg gjennom urinblæra. Skyljevæska renn ut i urinposen ved senga og blir tømt i ein oppsamlingskolbe.
  • Prostata er eit blodrikt organ, så det er viktig å skylje godt etter operasjonen.
  • Skyljevatnet vil vere blodig i starten, men blir gradvis klarare. Når vatnet er passe klart, kan kateteret fjernast.

Viktig etter fjerning av kateter

  • Drikk godt – minst 2 liter dagleg for å skylje blæra og såret i prostata.
  • Første tida kan blæra trekke seg saman oftare, og du kan kjenne hastverk med å nå toalettet. Dette betrar seg gradvis.
  • Etter kvart kan du trene blæra slik at du ikkje treng å gå oftare enn kvar 3.-4. time (med normal drikkemengde).
  • Om du opplever dråpelekkasje fordi du ikkje når toalettet i tide, blir dette vanlegvis betre etter kvart. Små truseinnlegg for menn kan vere nyttig i starten.
  • Bekkenbotntrening kan vere aktuelt ved vedvarande problem. Då kan individuell instruksjon vere nyttig.

Seksualfunksjon

  • Sædleiarane munnar ut i prostataområdet. Etter operasjonen går sædvæska inn i urinblæra ved utløyse og blir tømt ut ved neste vasslating.
  • Du kan difor ikkje få barn etter operasjonen, men det påverkar normalt ikkje seksuell lyst eller evne til samleie.

Tilheling og blødning

  • Det blir en sårflate innvendig over prostata som brukar 6-8 veker å gro.
  • Du kan oppleve grumsete eller blodig urin i periodar. Etter ca. 2 veker kan urine bli ekstra raud fordi sårskorpa innvendig losnar. Dette er ikkje farleg. Mange merkar lite til dette.

Råd for dei første 4-6 vekene

  • Drikk rikeleg væske: 2-3 liter per døgn når du er på sjukehuset, og 1,5-2 liter når du kjem heim (dei første 1-2 månadane).
  • Ikkje løft tyngre enn 5-6 kg.
  • Unngå hard avføring og bukpress når du går på toalettet.
  • Unngå sykling, symjing, klipping av plen, snømåking, støvsuging og liknande aktivitetar.
  • Unngå seksuell aktivitet dei første 4 vekene etter operasjonen.
  • Avklar med legen når du kan starte på jobb igjen.
  • Ver i aktivitet – gå turar.

Kontakt lege dersom

  • Vasslating stoppar opp og du ikkje klarer å tisse.
  • Du får feber eller aukende svie ved vasslating.
  • Du får kraftig smerte som ikkje gir seg.

 

Sist oppdatert 21.11.2025