Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk avdeling

Informasjon til deg som skal opererast i tarmen

Denne rettleiinga gir deg viktig informasjon om førebuing, operasjonsdagen og tida etter operasjonen. Målet er at du skal vere godt førebudd og vite kva du kan forvente.

Om oss

Tilsette på vår avdeling har lang erfaring med pasientar som skal opererast i mage- og tarmsystemet. Avdelinga har eigne kreftsjukepleiarar, stomisjukepleiarar og uroterapeuter (sjukepleiar med spesialutdanning innan sjukdomar i urinvegane), i tillegg til anna helsepersonell. Du vil også møte sjukepleiarstudentar i praksis og helsefaglærlingar hos oss.

Prepoliklinikk

Ved større operasjonar må du møte til poliklinisk konsultasjon 3-7 dagar før operasjon. Ved mindre inngrep kan denne konsultasjonen vere fleire veker før. Ta gjerne med ein pårørande.

Program for dagen (poliklinisk konsultasjon):

  • Ta blodprøver
  • Skal du ha kreftoperasjon, får du snakke med kirurgen som skal operere deg. Legen gir deg informasjon om operasjonen og resultat av eventuelle røntgenundersøkingar.
  • Snakke med lege som skriv innkomstjournal og kartlegg noverande og tidligare sjukdomar. Hugs å ta med oppdatert medisinliste. 
  • Ta EKG dersom du er over 50 år, eller yngre med kjent hjartesjukdom. Dette er ei smertefri undersøking som registrerer hjarterytmen din.
  • Snakke med anestesilege eller anestesisjukepleiar som gir informasjon om bedøvinga under operasjonen og smertebehandlinga etterpå. Dei informerer også om medisinar du brukar som må stoppast før operasjonen. 
  • Snakke med sjukepleiar som gir generell informasjon, forklarar eventuell tarmtømming, markerer stomistad om nødvendig, og administrerer medikament dersom du har lågt jern i blodet. 

Innleggingsdagen

Nokre blir lagde inn dagen før operasjonen, medan andre møter opp operasjonsdagen.

Oppmøte

Du møter i 4. etasje og melder deg slik det står i innkallingsbrevet. Tidspunkt for oppmøte står også i brevet.

Operasjonsdagen

Morgonen på sengepost

  • Ta eit lett morgonstell og puss tennene.
  • Ikkje bruk sminke, hudkrem eller parfyme.
  • Ta av eigendelar som smykke, ringar, øyredobbar, klokke, briller og høyreapparat før operasjonen. Tannprotesar, briller og høyreapparat kan takast av på operasjonsavdelinga.
  • Fjern neglelakk.
  • Du skal ha på rein skjorte, nettingstruse og bukse.
  • Hugs å tømme urinblæra.

Sjukepleiar vil gi deg førebyggjande antibiotika dersom du skal ha det.

Etter operasjonen

Oppvakningsavdelinga (Intensiv)

Når operasjonen er ferdig, blir du køyrd til oppvakningsavdelinga. Her blir du overvaka med hyppige målingar av blodtrykk og puls. Du kjem tilbake til sengeposten anten same dag som operasjonen, eller dagen etter.

Etter operasjonen kan du få noko av utstyret vi har lista opp nedanfor. Alle slanger er av mjukt materiale og det er fullt mogleg å bevege seg.

  1. Epiduralkateter/EDA-kateter: Før narkosen kan anestesilegen leggje inn eit tynt plastrøyr i epiduralrommet i ryggen. Dersom du får dette, vil du etter operasjonen få smertestillande medisinar kontinuerleg via ei pumpe.
    EDA-kateteret blir vanlegvis fjerna 3-4 dagar etter operasjonen. Det er normalt å kjenne meir smerte den dagen pumpa blir fjerna. Du vil få smertestillande tablettar den dagen.
  2. Venekanyle: Dette er ein tynn slange som går inn i ei blodåre. Du får fleire slike på armane. Gjennom dei får du væske og medisinar. Nokre får også ei sentral venekanyle (SVK) som blir lagt inn i ei større blodåre, oftast på halsen.
  3. Ventrikkelsonde: Dette er ein slange som gå gjennom nasen og ned i magesekken. Den drenerer væske frå magesekken og hindrar brekningar og oppkast. Dersom du får duodenalsonde under operasjonen, blir den ofte fjerna før du vaknar.
  4. Dren: For å overvake operasjonsområdet og drenere sårvæske, kan kirurgen leggje inn eit dren. Dette er ein tynn plastslange som blir ført inn i sårhola. Vanlegvis blir drenet fjerna dagen etter operasjonen, men nokre gonger må det stå nokre dagar.
  5. Blærekateter: Dette er eit mjukt silikonrøyr som blir ført inn i urinblæra gjennom urinrøyret. Det blir haldt på plass med ein liten væskefylt ballong. Kateteret gjer at vi kan kontrollere urinproduksjonen din. Det blir fjerna så snart som mogleg for å hindre infeksjon, vanlegvis etter 3-5 dagar. 

Smerter

Det er vanleg å ha smerter etter operasjonen, særleg når du rører på deg eller er i aktivitet. Du vil trenge smertestillande medisinar dei første dagane, slik at du kan vere i aktivitet. Ved større operasjonar får du ofte epidural smertepumpe (EDA-kateter). 

Doseringa av smertestillande blir tilpassa deg. Det er viktig at du seier frå dersom smertene aukar. Smerte opplevast ulikt, og vi ønskjer å lindre dei mest mogleg. 

Kvalme

Det er vanleg å bli kvalm etter ein operasjon. Årsakene kan vere medisinar, midlertidig stillstand i tarmen eller smerter. Du får kvalmestillande medisin dersom du treng det.

Oksygen

Nokre treng oksygen etter operasjonen. Dette får du via ein slange i nasen eller ei maske.

Du kan også få det vi kaller ei Pep-fløyte. Når du blåser i den, blir slim i lungene sett i bevegelse, og det blir lettare å hoste det opp. Vi anbefaler at du pustar inn og ut i fløyta 10 gonger kvar time.

Mobilisering

Forsking viser at tek lengre tid å bli frist dersom ein er passiv etter operasjonen. Når du ligg mykje i ro, blir musklane svakare. Ved å kome raskt i gang med aktivitet, kan du hindre komplikasjonar som infeksjonar og andre plager. 

Etter operasjonen vil du få hjelp til å komme i gang med mobilisering, til du klarer det sjølv.

Vi oppmodar deg til å:

  • Vere mest mogleg ute av senga fleire gonger dagleg.
  • Veksle mellom å sitte i stol og gå på gangen.
  • Auk lengda på spaserturane etter kvart. 

Har du eit stort operasjonssår, får du tilsyn av fysioterapeut. Etter kvart kan du gå i kantina for som ein del av aktiviteten. 

Ernæring

Etter narkosen må du vente:

  • 2 timar før du kan drikke.
  • 4 timar før du kan ete.

Dersom du ikkje et eller drikk, kan fordøyinga stoppe opp. Då kan du bli kvalm, det kan ta fleire dagar før fordøyinga kjem i gang igjen. 

Vi anbefaler:

  • Drikk 1,5-2 liter dagleg, inkludert 2-3 næringsdrikkar.
  • Du treng vanlegvis ikkje intravenøs væske etter operasjonen.
  • Skriv opp alt du drikk dei første dagane etter operasjonen. Greier du ikkje dette sjølv, hjelper personalet deg.

Tarmfunksjon

Etter operasjonen er tarmen mindre aktiv. Dette varierer frå person til person, men aktivitet og mat hjelper tarmen i gong. Du kan også tygge sukkerfri tyggegummi for å stimulere tarmen. 

Når du får ut luft, eller du høyrer at det kjem luft i stomiposen, betyr det at tarmen har begynt å fungere igjen. Når avføringa kjem, er det vanleg å ha diare. Den kan vere mørk i farge fordi det kjem ut gamalt blod frå operasjonen. Det er viktig at du seier frå til oss når du har avføring og luftavgang.

Har du fått stomi, startar vi opplæringa frå dag to etter operasjonen. Du må delta aktivt i stomistellet.

Bandasje

For å beskytte operasjonssåret legg vi på bandasje. Denne blir kontrollert og skifta etter behov. Vi prøver å ikkje byte bandasje dei første tre dagane, med unntak ved gjennombløding. Du kan dusje tidligast tre dagar etter operasjonen, eller når smertepumpa er fjerna.

Blodfortynnande

Nokre treng blodfortynnande sprøyte dagleg i fire veker etter operasjonen for å førebyggje blodpropp. Sprøyta blir sett på magen eller låret, rett under huda. Du får opplæring i å setje sprøyta sjølv. 

Stomi

Du kan få tilbod om å snakke med ein likeperson frå NIRILCO (Norsk forening for stomi, reserviar og mage- og tarmkreft) etter operasjonen. Ein likeperson er ein som har levd med stomi over tid. Dei er på sjukehuset ein gong i veka, men kan også kontaktast ved behov. Spør oss gjerne om dette.

Heimreise

Det blir alltid gjort ei medisinsk vurdering av når du er klar til å reise heim. 

Resept

Har du starta med nye medisinar under opphaldet, eller endra dosering på medisinar du brukte før innlegging, får du resept på desse. Reseptane blir sendt elektronisk til apoteket. Andre medisinar må du få resept på hos fastlegen din.

Har du fått stomi, skriv vi resept på stomiutstyr. Resepten gjeld i eitt år og blir fornya hos fastlegen. Vi bestiller utstyr til deg på sjukehusapoteket, slik at du får med deg stomiutstyr når du blir utskriven. Seinare kan du hente ut stomiutstyr på ditt lokale apotek. Hugs å bestille i god tid (ta med utstyret du brukar og vis det til apoteket), fordi apoteket ofte må bestille inn utstyret.

Transport

Det er fint om pårørande kan hente deg. Om ikkje, får du transport heim etter gjeldande regler. Vanlegvis blir dette buss eller samledrosje.

Sjukemelding

Er du i arbeid, blir du sjukemeld etter kva slags jobb du har. Sjukemeldinga blir sendt elektronisk. Går du på skule eller treng stadfesting på at du har vore innlagd, må du seie frå om dette før du reiser heim. 

Operasjonssåret

Stinga (agraffane) blir fjerna 12-14 dagar etter operasjonen, om du ikkje får annan beskjed. Du får til fastlegen for å få dei fjerna. Du kan dusje tredje dag etter operasjonen. Bandasjen blir skifta etter at du har dusja. Du må ikkje bade i badekar eller basseng dei første vekene. Dei første 6-8 vekene etter operasjonen skal du unngå tunge løft, maks fem kilo, fordi belastning på magemusklane kan gi brokk i operasjonssåret. 

Smerter

Det er vanleg å ha litt smerter den første tida, men dei vil gradvis bli mindre. Ta smertestillande slik legen har sagt. Nummenheit, kløe og små stikkingar er ein normal del av sårhelinga. Det er heller ikkje uvanleg å kjenne litt ubehag i arret i fleire månader etter operasjonen. 

Aktivitet

Når du kjem heim, er det viktig å auke aktiviteten gradvis og elles prøve å leve så normalt som mogleg. Unngå situasjonar som gir belastning på magen.

Tarmfunksjon

Det er vanleg å ha luftplager og laus avføring den første tida etter operasjonen. Dette varierer frå person til person, men kan vare i opptil eitt år.

Har du fått stomi, men har delar av tjukktarmen eller endetarmen igjen, kan det komme noko ut av endetarmen. Dette kan vere avføringsrestar, slim eller slimklumpar. Dette er normalt og vil gradvis avta. 

Stomipoliklinikken

Har du fått stomi, får du tilsendt time på stomipoliklinikken cirka 3-4 veker etter operasjonen. Du blir følgt opp jamleg av stomisjukepleiar og kan ta kontakt ved behov. 

Telefon: 481 57 892 (helst på føremiddagen mellom kl. 10-12 på kvardagar).

Seksualliv

Smerter og andre plager kan avgrense seksuell aktivitet ei tid etter operasjonen. Dette er individuelt.

Knipeøvingar

Har du fått ein skjøt langt nede i endetarmen, og dermed ein stomi som skal leggjast tilbake når skjøten har grodd, er det viktig å gjere knipeøvingar med lukkemuskelen i endetarmen. Du kan starte tre veker etter operasjonen.

Gjer ti knip tre gonger om dagen. Når stomien er lagt tilbake, kan nokre oppleve hyppige toalettbesøk og ufullstendig tømming. Dette er normalt og blir gradvis betre.

Vidare oppfølging

Legen informerer deg om vidare oppfølging før utskriving. Skal du ha kontroll på vår poliklinikk, får du innkalling til time – anten oppmøte eller telefon.

Epikrise (utskrivingsinformasjon) blir sendt til fastlegen din.

Den første veka etter utskriving kan du kontakte avdelinga direkte dersom du føler deg uvel, får høg feber, sterke magesmerter, det siver frå såret eller tarmfunksjonen stoppar opp. Elles kontakt fastlegen ved behov. 

Sist oppdatert 07.01.2026