Gastrokirurgisk avdeling
Informasjon til deg som skal opererast i urinvegane
Innleggingsdagen
Du møter i 4. etasje og henvender deg slik det står i innkallingsbrevet. Tidspunkt for oppmøte står også i brevet.
Journal
- Dersom du ikkje alt har fått tatt opp journal, vil ein turnuslege undersøkje deg og spørje om sjukdommar du har eller har hatt.
- Dette blir skrive inn i journalen din.
- Legen vil òg spørje om du brukar medisinar. Ta med medisinliste.
Mottak på posten
- Når du kjem til posten, blir du tatt imot av personalet. Dei gir deg vidare informasjon så snart dei har anledning.
- Dersom pasientar som skal reise heim denne dagen ikkje har forlatt avdelinga, kan det ta litt tid før du får rom og seng.
- For at du skal få den hjelpa du treng ved heimkomst, startar vi planlegging av utreise allereie ved innlegging.
- Ved større operasjonar varer opphaldet vanlegvis 1 veke, ved prostata- og urinblæreoperasjonar 2–3 døgn.
- Legen som skal operere deg, kjem og snakkar med deg om ettermiddagen innleggingsdagen.
Røntgen
Dersom du skal ta røntgen, ultralyd eller CT, blir dette ofte gjort innleggingsdagen, eventuelt før innleggelsen. Du får beskjed om dette.
Blodprøver
Det blir tatt nødvendige blodprøver før operasjonen, blant anna blodprosent, nyrefunksjon og blodtype.
EKG (hjertediagram)
- Dersom du ikkje alt har tatt EKG før innleggelsen, blir dette gjort innleggingsdagen for dei som er over 60 år.
- Undersøkinga er smertefri og registrerer hjarte-rytmen din.
Urinprøve
- Ved innleggelsen blir det tatt urinprøve.
- Svaret avgjer om du får antibiotikatablettar før operasjonen.
- Har du inneliggande kateter, eller skal opererast via urinleiar, skal du få antibiotika før operasjonen.
Klyster
- Kvelden før operasjonen får du tilbod om Klyx for å tømme tarmen. Dette avheng av kva operasjon du skal ha.
- Etter operasjonen får du Lactulose (Duphalac) – ein søt mikstur som skal drikkast for å regulere tarmfunksjonen og halde avføringa mjuk.
Anestesitilsyn
- Anestesilegen snakkar med deg før operasjonen.
- Dersom dette ikkje alt er gjort, får du samtale med anestesilegen om ettermiddagen dagen før operasjonen.
- Du får informasjon om bedøvinga under operasjonen og smertebehandlinga etterpå.
Ernæring
- Dagen før operasjonen får du vanleg kost.
- Du må faste frå midnatt (kl. 24.00), men kan drikke klare væsker fram til kl. 06.00.
- Dersom du røyker, kan vi ordne med nikotinplaster.
Blodfortynnande
- Nokre får blodfortynnande sprøyte kvelden før operasjonen og dagleg etter operasjonen fram til heimreise.
- Sprøyta blir sett på magen, rett under huda, for å førebyggje blodpropp.
- Brukar du blodfortynnande medisinar som Plavix, Albyl E eller Marevan, må dette eventuelt stoppast før operasjonen. Dette avklarar legen.
Dusj
- Kvelden før operasjonen skal du ta ein dusj.
- Dersom du ikkje skal opererast gjennom urinrøyret, må operasjonsområdet barberast kvelden før. Vi har eigne barbermaskiner til dette.
Sovemedisin
Mange gruar seg til operasjonen og får ikkje sove natta før. Då kan du få sovemedisin.
Verdisaker
- Ta med minst mogleg verdisaker til avdelinga.
- Avdelinga står ikkje ansvarleg for tapte verdisaker.
Operasjonsdagen
Morgonen på posten
- Du tek eit lett morgonstell.
- Du skal berre ha på deg skjorte og nettingtruse.
- Det blir lagt inn ein tynn plastslange (venekanyle) i ei blodåre på armen din. Gjennom denne får du intravenøs væske.
Til operasjonsavdelinga
- Du får ikkje ta med deg lause eigendelar som smykke, ringar, øyredobbar, klokke, briller eller høyreapparat.
- Du må heller ikkje ha på deg neglelakk.
- Tannprotesar kan takast av på operasjonsavdelinga. Du får ein boks til oppbevaring.
- Når det er din tur, følgjer ein sjukepleiar deg til operasjonsavdelinga.
- Her overtek ein narkosesjukepleiar som skal passe på deg under operasjonen.
Etter operasjonen
Oppvakingsavdeling – intensiv
- Når operasjonen er ferdig, blir du køyrd til oppvakingsavdelinga.
- Her blir du overvaka med hyppige målingar av blodtrykk, puls og urinproduksjon.
- Kor lenge du blir verande, avheng av kor stort inngrepet har vore.
Urinkateter
- Etter operasjonen har du fått innlagt urinkateter.
- Når kateteret blir fjerna, avheng av kva du er operert for.
- Nokre får det fjerna første eller andre dag, andre skal behalde det i opptil ei veke.
Gjennomskylling
- Kateteret blir brukt for å overvake urinmengde og kontrollere blødning, som er vanleg etter operasjon i urinblæra eller prostata.
- Vi kan skylje kontinuerleg gjennom blæra via kateteret for å tynne ut blødning og sikre fri passasje av urin.
- Alternativt får du intravenøs væske med vanndrivande medikament for å auke urinmengda og tynne ut eventuell blødning.
Sengeleie
- Etter operasjonar i prostata eller urinblæra (gjennom urinrøyret) skal du ligge i ryggleie til neste morgon.
- Dette er viktig for å redusere bruk av magemusklar som kan gi auka blødning.
- For alle andre startar mobilisering allereie operasjonsdagen.
Smerter
- Ved større operasjonar er det vanleg å ha ein del smerter, særleg ved rørsle og aktivitet.
- Du får smertestillande dei første dagane slik at du kan vere i aktivitet og unngå komplikasjonar.
- Gi beskjed dersom du har smerter eller ubehag.
Kvalme
- Det er vanleg å bli kvalm etter ein operasjon.
- Årsakene kan vere fleire, blant anna medikament.
- Du får kvalmestillande medisin dersom du har behov for det.
Dren
- Dersom du har fått dren (ein tynn plastslange inn i sårhola), betyr det at vi overvakar operasjonsområdet og ser kor mykje sårvæske som blir drenert ut.
- Drenet blir vanlegvis ståande i 1–3 dagar.
Ernæring
Du får suppe eller brødmat til kvelds operasjonsdagen.
1. dag etter operasjonen
Fjerning av urinkateter
- Som oftast blir urinkateteret fjerna første eller andre dag etter operasjonen (tidleg om morgonen).
- For enkelte blir kateteret ståande i opptil ei veke.
- Ikkje press urin eller avføring ut, då dette aukar blødningsfaren.
- Du vil i starten tisse på urinflaske. Vi fører liste over kor mykje du tissar.
- Gi beskjed til personalet dersom du kjenner blærespreng eller berre tissar små blodskvetter.
- Litt urinlekkasje kan førekome når kateteret er fjerna, men dette betrar seg etter kvart.
Mobilisering
- Om morgonen dagen etter operasjonen kan du stå opp og mobiliserast dersom dette ikkje alt er gjort operasjonsdagen.
- Har du hatt sengeleie i eitt døgn, skal du ha personalet til stades første gong du står opp, fordi du kan bli svimmel og vi vil unngå fall.
Ernæring
- Det er viktig at du drikk 2–3 liter dei første dagane. Vi fører liste over kva du drikk.
- Når du kjem heim, bør du drikke 1,5–2 liter dagleg.
- Du kan ete vanleg mat.
Heimreise
Resept
- Har du starta med nye medisinar under opphaldet, eller endra dosering på medisinar du brukte før innleggelsen, får du resept på desse.
- Reseptane blir sendt elektronisk til apoteket.
- Andre medisinar må du få resept på hos fastlegen din.
Avreise frå sjukehuset
- Det er fint om du har pårørande som kan hente deg.
- Dersom det ikkje er mogleg, får du transport heim etter gjeldande reglar – vanlegvis samledrosje eller buss.
Sjukemelding
- Er du i arbeid, blir du sjukemeldt avhengig av kva type arbeid du har.
- Går du på skule eller treng stadfesting på at du har vore innlagd, må du gi beskjed før utreise.
Operasjonssåret
- Dersom du har operasjonssår, blir sting (agraffer) fjerna 10 dagar etter operasjonen hos fastlegen din.
- Du kan dusje 3. dag etter operasjonen. Bandasjen skal bytast etter dusj.
- Du bør ikkje bade i badekar eller basseng dei første vekene.
- Dei første 4–6 vekene skal du unngå tunge løft (maks 5–10 kg), fordi belastning på magemusklane kan gi brokk i operasjonssåret og auke blødningsfaren.
- Etter ca. 2 veker kan du få ein kortvarig frisk blødning dersom du er operert i prostata. Dette skjer når skorper i prostata losnar. Auk drikkemengda dersom dette skjer.
Aktivitet
Når du kjem heim, er det viktig å auke aktiviteten gradvis og elles leve så normalt som mogleg.
Tarmfunksjon og urin
- Det er viktig å halde avføringa mjuk og ikkje presse ut avføring eller urin.
- Du kan ta direkte kontakt med avdelinga dei første 48 timane dersom du ikkje får til å late vatn.
- Ved mistanke om urinveisinfeksjon etter utskriving må fastlegen sende urin til dyrking for å finne bakteriar, slik at du unngår unødvendig antibiotikakur.
Seksualliv
Smerter og andre plager kan naturleg begrense seksuell aktivitet ei tid etter operasjonen.
Har du operert prostata eller blæra, bør du avstå frå samleie i 4 veker.
Urinlekkasje
Etter operasjonen er det normalt med hyppig vasslating og eventuelt urinlekkasje.
Dersom dette vedvarer, kan opplæring i bekkenbotnstrening vere til god hjelp.
Vidare oppfølging
- Du blir innkalla til kontroll 3 månader etter operasjonen, anten hos URO-Sør, poliklinikken på sjukehuset eller hos uroterapeut på avdelinga.
- Epikrise (utskrivingsinformasjon) blir sendt til fastlegen din.
Praktisk informasjon medan du er på sjukehuset
Kontakt oss
Du kan nå oss på telefon 52 73 24 30. Vi har opent heile døgnet.
Medisinrundar
Vi har faste tidspunkt for utlevering av medisinar:
Kl. 08.00–09.00
Kl. 12.00–13.00
Kl. 16.30–17.00
Kl. 20.30–21.30
Behovsmedisin blir gitt utanom medisinrundane.
Døgnrytme på avdelinga
Morgenstell: ca. kl. 07.30
Frukost: frå kl. 08.00
Legevisitt: frå kl. 09.00
Lunsj: frå kl. 12.00
Middag: frå kl. 15.00
Kveldsmat: frå kl. 18.30
Kantine
Det finst pasientkantine i 4. etasje for dei som er oppe og går. Du må ha på privat tøy (t.d. joggedress).
Opningstider
Frukost: kl. 08.00–09.30
Lunsj: kl. 11.30–13.00
Middag: kl. 14.30–15.30
Kveldsmat: kl. 18.30–19.30
Besøkstid
Visittider er kvar dag frå kl. 17.00–18.30.
Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.
Det er ønskjeleg at éin hovudpårørande har kontakt med avdelinga og informerer resten av familien.
Prest
Ved behov for prest, kontakt personalet – vi formidlar kontakt.
Sosionom
Ved behov for sosionom, kontakt personalet – vi formidlar kontakt.
Internett
Trådlaust internett er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.
Vel nettverket gjest.ihelse.net. Brukarnamn og passord blir sendt på SMS.
Merk: Ver alltid kritisk til informasjon om sjukdom og behandling du finn på internett.