Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk avdeling

Overvektskirurgi

Skal du ha overvektskirurgi? Her finn du informasjon om kva du kan forvente når du blir lagt inn på sjukehuset.

Dagen før operasjonen

  • Du kan halde fram med dietten du følgjer. 
  • Etter kl. 12.00 skal du berre ha flytande kost, det betyr supper og drikke. Dette er for at magesekken skal vere tømt før operasjonen.
  • Pass på å drikke nok denne dagen. Dagsbehovet er om lag 2 liter. 

Innlegging

Vi har to ulike innleggingstider for pasientar som skal opererast med gastric bypass eller sleeve. 

Du kan bli innlagt anten dagen før operasjonen eller på operasjonsdagen. 

Uansett må du møte opp dagen før operasjonen for mellom anna vektkontroll og blodprøvar. 

Du får tilsendt brev med dato og tidspunkt for oppmøte.

Dette må du hugse å ta med ved innlegging

  • Peep-fløyte (frå fysioterapeut)
  • Støtte- eller stasestrømper (skal takast på før du blir køyrd til operasjon)
  • CPAP-apparat dersom du bruker dette
  • Pulverdiett dersom du bruker dette

Pasientar som blir innlagde dagen før operasjon (måndag)

  • Meld deg i resepsjonen i 4. etasje for registrering
  • Vektkontroll og informasjon frå sjukepleiar
  • Kl. 15.00: Informasjon frå kirurg
  • Kl. 16.00: Blodprøvar

Førebuingar til operasjon

  • Dusj med grundig vask, særleg rundt navlen.
  • Barber operasjonsområdet og skjegget.
  • Fjern neglelakk.
  • Fjern piercingar.
  • Ta syrehemmande brusetablet om kvelden.
  • Anestesisjukepleiar legg inn venekanyle kl. 20.30 (du må ha dusja først).
  • Faste frå kl. 24.00: Ikkje et, drikk, røyk, bruk snus, drops eller tyggegummi.

Rutiner på operasjonsdagen

  • Lett morgonstell (rett før kl. 06.00). Hugs støttestrømper.
  • Du får intravenøs antibiotika og syrehemmande medisin.
  • Tøm blæra rett før du går til operasjon.
  • Første pasient blir køyrd til operasjon kl. 07.45. Neste pasient ca. to timar seinare.

Pasientar som blir innlagde operasjonsdagen (tysdag)

  • Meld deg i resepsjonen i 4. etasje for registrering på måndag. Sjå brevet for tidspunkt.
  • Vektkontroll og informasjon frå sjukepleiar.
  • Kl. 15.00: Informasjon frå kirurg.
  • Kl. 16.00: Blodprøvar.

Etter dette reiser du heim att.

Førebuingar til operasjon – måndag kveld

  • Dusj med grundig vask, særleg rundt navlen. Ta på nyvaska klede etter dusj.
  • Barber operasjonsområdet (heile magen nedanfor ribbebeinsbuen) og skjegget.
  • Fjern neglelakk.
  • Fjern piercingar.
  • Ta syrehemmande brusetablett.
  • Faste frå kl. 24.00: Ikkje et, drikk, røyk, bruk snus, drops eller tyggegummi.

Rutiner på operasjonsdagen

  • Lett morgonstell (ikkje dusj).
  • Møt opp på kirurgisk vestblokk kl. 07.20. Det er svært viktig at det ikkje blir forseinkningar, då dette påverkar vidare program.
  • Du får tildelt seng og operasjonstøy. Hugs støttestrømper.
  • Venekanlyle blir lagt inn kl. 07.30-08.00.
  • Du får intravenøs antibiotika og syrehemmande medisin.
  • Tøm blæra rett før du går til operasjon.

På operasjonsavdelinga

  • Du blir køyrd til operasjon i seng. Du skal sjølv gå frå senga til operasjonsbordet, og tilbake etter operasjonen.
  • Etter operasjonen blir du køyrd til intensivavdelinga for overvaking. Du kjem tilbake til avdelinga om ettermiddagen. Nokre pasientar kan bli liggande på intensiv til neste dag.
  • Det er viktig å starte mobilisering allereie operasjonsdagen.
  • Du bør vere litt oppe og gå, og sitje i stol i periodar.
  • Heile operasjonsdagen må du faste. Du får væske og medisinar (smertestillande, kvalmestillande og syrenøytraliserande) intravenøst.
  • Smertestillande blir gitt etter fast skjema. Dersom du likevel har smerter, må du seie frå.

Første dag etter operasjon

  • Drikk 3 dl vatn. Du får også to liter intravenøs værske.
  • I starten skal du ikkje drikke meir enn 1 dl på 20 minutt. Begynn med svært små slurkar.
  • Store mengder kan gi smerter og uheldig trykk på den nyopererte magesekken.
  • Det er forventa at du er mest mogleg ute av senga og i aktivitet.
  • Du blir tilrådd å bruke eigne klede. Hugs støttestrømper.

Andre dag etter operasjon

  • Drikkemenga aukar til 1 liter. Drikk framleis små slurkar, og fordel literen over heile dagen.
  • Du får 1 liter intravenøs væske.
  • Smertestillande blir gitt som stikkpiller, og du får syrehemmande sugetablett.
  • Ernæringsfysiolog gir munnlegg og skriftleg kostrettleiing. Å følgje kostråda er avgjerande for eit godt resultat.
  • Du blir utskriven med sjukemelding i 6 veker. Bruk denne tida godt til å innarbeide gode rutinar for resten av livet, både når det gjeld mat og mosjon.

Les også: Informasjon ved gjennomgått gastric bypass/sleeve-operasjon.

Agraffer/sting

  • Blir fjerna 12-14 dagar etter operasjonen hos fastlegen din.
  • Bruk bandasje eller plaster på såra til agraffane/stinga er tatt.
  • Bandasjar kan kjøpast på apotek. Dei skal bytast etter dusj og elles ved behov.

Kosthald

  • Dei første 10 dagane skal du ha flytande kost. Sjå nærare informasjon frå ernæringsfysiolog.
  • Det blir tilrådd minst èin næringsdrikk dagleg dei første månadane (eventuelt proteinpulver som kan kjøpast på apotek og blandast i væske).
  • Etterpå følgjer to veker med moset mat – bruk stavmiksar.
  • Når du går over til vanleg mat, er det viktig å tygge maten godt.
  • Du må få i deg nok drikke: Det blir tilrådd 1,5-2 liter per dag, maksimum 3 liter. 

Medisinar

  • Dei første sju dagane etter operasjonen må du knuse tablettar, eller få alternative løysingar dersom dei ikkje kan knusast. Dette må avklarast med sjukepleiar eller lege før utskriving.
  • Det blir sendt e-resept på medisin, vitamin og mineral. På apoteket ligg medisinane klare til henting. 
  • Kostnaden er for tida rundt 1300 kroner. Næringstilskot kjem i tillegg, totalt ca. 1700 kroner. Du kan få giro som må betalast innan to veker.

Viktig merknad

Etter gastric bypass og gastric sleeve skal du vere merksam på at enkelte smertestillande middel ikkje skal brukast, fordi dei aukar risikoen for magesår. Dette gjeld blant anna Ibux, Naproxen og Voltaren (NSAID-preparat) og middel som inneheld acetylsalisylsyre. Avklar alltid med lege før du brukar slike medikament.

Fysisk aktivitet og førebygging av blodpropp

  • Bruk støttestrømper i 10 dagar etter operasjonen for å førebyggje blodpropp. Dei kan takast av om natta.
  • Det er viktig å starte tidleg med fysisk aktivitet.
  • Unngå tunge løft dei første 6 vekene etter operasjonen. Elles kan du utføre all anna aktivitet.

Ver merksam på

  • Sterke, plutselege magesmerter den første veka etter operasjonen, eller om du føler deg dårleg. Ta kontakt med sjukehuset for nærare undersøking.
  • Raudheit eller væsking frå operasjonssår: Ta kontakt med overvektsteamet eller fastlegen.
  • Treg mage: Nokre opplever dette etter operasjonen. Vi tilrår laktulose/Duphalac (kjøpast på apotek) og rikeleg drikke.
  • Svart avføring: Kan førekome rett etter operasjonen og når du har starta med jerntablettar.
  • Kvitt belegg på tunga: Flytande kost kan innehalde mykje mjølkeprodukt og gi kvitt belegg. Dette går over når du startar med annan kost.
  • Røyking: Auker risikoen for magesår etter gastric bypass og gastric sleeve-operasjonar.

Oppfølging

  • Du får innkalling til rutinekontrollar etter 2 månadar, 6 månadar, 1 år, 2 år og 5 år.
  • Det blir tatt blodprøvar ved kvar kontroll.
  • Lærings- og meistringssenteret tilbyr kurs for overvektsopererte og pårørande. Kurset går over èin dag. Du blir automatisk tilvist til dette av overvektsteamet etter operasjonen. Det er frivillig å delta, men du må melde avbod om det ikkje passar.

Gastric bypass-kort

  • Ved utskriving får du utdelt eit gastric bypass-kort.
  • Kortet bør oppbevarast i lommebok eller liknande. Det er viktig informasjon til helsepersonell, for eksempel ved sjukehusopphald i utlandet.
  • Kortet kan også brukast som dokumentasjon på restaurantar for å bestille halv porsjon middag av helsemessige årsaker.

Plager og komplikasjonar som kan oppstå etter gastric bypass og gastric sleeve

Dumping

  • Oppstår etter måltid, særleg etter søte og/eller feitthaldige matvarer.
  • Symptoma kan vere: hjartebank, kvalme, magesmerter, slappheit, søvnigheit, svetting, svimmelheit, oppkast og diarè.
  • Vanlegvis skjer dette innan 30 minutt etter måltid og varer frå 20 minutt til eit par timar.

Kuldefølelse og håravfall

  • Mange fryser lett og har vanskar med å halde varmen etter stort vekttap. Dette blir som regel betre når kroppen har tilpassa seg ny vekt.
  • Håravfall er vanleg etter vektnedgang fordi kroppen er i ein underernæringstilstand. For dei fleste blir dette betre innan det første året.

 Vitamin- og mineralmangel

  • På grunn av mindre matinntak og redusert opptak av næringsstoff vil de fleste utvikle mangel før eller seinare.
  • Det er derfor viktig å bruke dei tilrådde tilskota.

Gallestein

  • Kan oppstå ved rask vektnedgang. Ursochol blir brukt for å førebyggje dette.
  • Nokre får likevel gallesteinssmerter og treng operasjon for å fjerne galleblæra.

Magesår

  • Kan oppstå, særleg i sømmande mellom magesekk og tynntarm.
  • Somac blir gitt dei første vekene etter operasjon for å førebyggje dette.
  • Røyking aukar risikoen for magesår og hindrar sårheling.
  • Bruk av smertestillande som acetylsalisylsyre, Ibux, Naproxen og Voltaren (NSAID-preparat) aukat faren for magesår. Avklar alltid med lege før du brukar slike medikament.

Intern herniering

  • Indre brokk (tarm som kjem i klem) kan oppstå.
  • Dette krev røntgenundersøking (CT) og rask operasjon.
  • Ta straks kontakt med lege dersom du får sterke, plutselege magesmerter.

Overskuddshud

  • Etter stort vekttap kan det bli overskuddshud som kan vere både eit kosmetisk og medisinsk problem. 
  • Det finst ingen generell garanti for plastikkirurgisk korreksjon i det offentlege helsevesenet, men du har rett til individuell vurdering.
  • Tilvising til plastikkirurgisk vurdering blir gjort av fastlegen.

Psykisk helse

  • Rask vektnedgang kan føre til underernæringstilstand som påverkar den psykiske helsa.
  • Du kan bli tom for energi, få nedstemtheit/depresjon, bli meir irritabel, kjenne deg engsteleg og utrygg.
  • For dei fleste er det nok å vite at dette kan skje, eller å snakke med nokon som har vore gjennom det same.
  • Har du behov for meir hjelp, bør du kontakte fastlegen og eventuelt overvektsklinikken.
  • Det er mogleg å bli tilvist til psykologspesialist i spiseforstyrringar.

Suksessfaktorar for eit varig resultat etter operasjon

  • Regelmessig fysisk aktivitet: 40 minutt 5 dagar i veka, eller 30 minutt dagleg.
  • Regelmessige, små måltid: Hugs frukost!
  • Fiberrik og feittfattig kost: Ver merksam på sukkerinnhald.
  • Før gjerne mat- og aktivitetslogg for å halde oversikt. 

Kontakt oss

Du når oss på telefon 52 73 24 00. Vi har opent frå kl. 08.00 til 15.00.

Døgnrytme på sengeposten

Vi følgjer ein fast døgnrytme.

•    Morgenstell: ca. kl. 07.30
•    Frokost: kl. 08.00
•    Legevisitt: frå kl. 09.00
•    Lunsj: kl. 12.00
•    Middag: kl. 15.00
•    Kveldsmat: kl. 18.30

Medisinrundar

Vi har faste tidspunkt for utlevering av medisinar. Behovsmedisin vil bli utlevert utenom desse tidspunkta.

Kl. 08.00 - 09.00
Kl. 12.00 - 13.00
Kl.16.30 - 17.00
Kl. 20.30 - 21.30

Kjøp støttestrømper før innlegging

For å førebyggje blodpropp skal du kjøpe støttestrømper (antitrombosestrømper). Du får kjøpt dei på apotek eller i butikkar som sel helseartiklar. Vel knelang modell, målt etter tjukkleiken på leggen.

Det er lurt å kjøpe strømpene kort tid før operasjonen, fordi vekttapet under dietten kan endre leggomkrinsen.

Kantine

Pasientkantina ligg i 4. etasje. Pasientar som kan gå sjølve, skal bruke denne kantina. For pasientar som skal opererast for overvekt, kan kantina berre brukast dagen før operasjonen.

Når du går i kantina, skal du ha på deg privattøy. 

Visittid for pårørande

Visittida er kl. 17.00 - 18.30 alle dagar.

Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.

Det er ønskeleg at èin hovudpårørande tek kontakt med avdelinga, og at denne personen informerer resten av familien. 

Prest

Har du behov for prest? Kontakt personalet, så hjelper dei deg med å formidle kontakt. 

Sosionom

Sjukdom kan føre med seg både praktiske, økonomiske og personlege problem som det kan vere vanskeleg å handtere. Sosionomtenesta tilbyr pasientar hjelp med å finne aktuelle løysingar.

Har du behov for sosionom? Kontakt personalet, så hjelper dei deg med å formidle kontakt. 

Treng du internett?

Trådløst internett er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Vel nettverk: gjest.ihelse.net. Brukarnamn og passord for pålogging blir sendt til deg på SMS.

Ver kritisk til informasjon om sjukdom og behandling som du finn på internett.

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert 21.11.2025