Habilitering - brukarundersøking pasienterfaringar
I Hele Vest vert det årleg gjennomført regionale pasienterfaringsundersøkingar. Habiliteringstenestene for vaksne er målgruppa i 2016. Formålet er å bruke pasientane sine erfaringar til å betre tenestetilbodet.
I oppfølging frå Habiliteringstenesta er det ofte tett samarbeid med fleire rundt den enkelte pasient; både pårørande og kommunalt tilsette er viktige samarbeidspartar. 
Denne undersøkinga er utforma slik at det er mogleg for 3 ulike respondentar å svare på korleis pasienten er ivaretatt.  
Respondentar:
- Pasientar
 - Pårørande – som har deltatt på minst eit møte
 - Kommunalt tilsett - som oftast ein primærkontakt som har delteke i minst 3 møter
 
Den 1. november startar undersøkinga i Helse Fonna. Den pasientansvarlege fagpersonen i Habiliteringstenesta vil spørje pasientar, pårørande og kommunal kontaktperson om deltaking i undersøkinga. 
Det er frivillig å delta. Svara blir handsama anonymt.