Kurs og grupper
Vi har ulike kurs og grupper for pasientar, pårørande og kommune.
Sjå komande kurs og arrangement
Kurs for føresette og/eller personale
Kven passar kurset for?
Foreldre til barn og tilsette i barnehage, skole, PPT, kommunal avlastning og andre som arbeidar med barn i alderen 2-8 år med forseinka utvikling, utviklingsforstyrringar og språkvanskar.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over ein heil dag. Workshopen inneheld ein variasjon mellom presentasjon av teori, praktiske oppgåver og drøftingar. Barnet skal ikkje vera med på kursdagen.
Workshopen gir ein kompetanseauking til foreldre og personal som jobbar med målgruppa slik at dei kan identifisere tidlege teikn og forebygge åtferd som utfordrar og igangsette tiltak. Det vil verta ein gjennomgang av tidlege teikn/risikofaktorar for utvikling av åtferd som utfordrar, funksjonell analyse, målretta miljøarbeid, FAK og proaktive tiltak
Kostnader
Workshopen er gratis
Gir ikkje rett til opplæringspengar
Påmelding
På letsreg.no. Søk opp “helse fonna” i søkefeltet. Det er ikkje behov for tilvising
Planlagde kurs
Datoar kjem
Kven passar kurset for?
Foreldre, lærarar og PPT og andre som har ansvar for barn og unge med ein autismespekterforstyrring diagnose
Sjå ViMo for meir informasjon.
Gjennomføring og formål
Workshopen går føre seg over fire halve dagar i tida 10-14. Ein kan delta fysisk i Haugesund sjukehus sitt auditorium eller digitalt.
Det vil bli lagt opp til både teori og praktiske øvinga.
Workshopen gir ei opplæring i:
- Autismespekterforstyrring (ASD)
- Kartlegging av åtferd og ferdigheiter
- Lage ein plan: forstå åtferd, hypotese og tiltak. (miljøfaktorar/sosiale ferdigheiter)
- Metode og tilrådde innlæringsteknikkar
- Opplæring i ViMo – ein enklare kvardag for barn og unge
Sosiale program er henta frå Social Skills Training-manualen til Jed Baker.
Kostnader
Workshopen er gratis.
Gir ikkje rett til opplæringspengar.
Påmelding
På letsreg.no. Søk opp “helse fonna” i søkefeltet. Det er ikkje behov for tilvising.
Planlagde kurs
- september 2025
- september 2025
- oktober 2025
- desember 2025
Kven passar kurset for?
Føresette til barn med ein autisme diagnose i alderen 0-6 år.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over to heile dagar frå klokka 09.00 til 15.00.
Gi føresette informasjon og opplæring om diagnose, tiltak og rettigheiter.
Kostnader
Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.
Det blir gjeve rett opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
- og 14. november 2025.
Kven passar kurset for?
Føresette til barn og ungdom i skolealder med ein autisme diagnose.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over to heile dagar frå klokka 09.00 til 15.00.
Gi føresette informasjon og opplæring om diagnose, tiltak og rettigheiter.
Kostnader
Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vera ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
- og 24. oktober 2025
- og 28. november 2025
Kven passar kurset for?
Føresette til barn i førskolealder (0-5 år) med nedsett funksjonsevne eller langvarig sjukdom, og som vil ha behov for tett oppfølging frå helse- og omsorgstenesta framover.
Gjennomføring og formål
Lærings- og meistringstilbud som gjennomførast i gruppe over fire dagar.
Formålet med kurset er:
- Støtte de føresette gjennom å styrke kunnskap, forståing og innsikt i den nye livssituasjonen.
- Legge til rette for at føresette kan utveksle erfaringar med andre i liknande situasjon.
- Legge til rette for at dei kan utvikle varige relasjonar med andre i likende situasjon.
- Gi grunnlag for kontakt med fagpersonar i helse- og omsorgstenesta.
Kostnader
Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.
Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller spesialisthelsetenesta.
Planlagde kurs
2., 4., 9., og 11. desember 2025.
Kven passar kurset for?
Føresette som har ungdom mellom 15 og 20 år, som har utviklingshemming og omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar, med behov for oppfølging frå familie og hjelpeapparatet på vegen inn i vaksenlivet.
Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.
Gjennomføring og formål
Det er eit fire dagars kurs om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
Vi ønskjer å skape ein arena kor føresette får informasjon og delar erfaringane sine med kvarandre.
Kostnader
Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta.
Planlagde kurs
4., 5., 11. og 12. september 2025
Gruppetilbod for pasient
Kven passar kurset for?
Ungdom i alderen 14 – 17 år med ein autismespekterforstyrring diagnose uten utviklingshemming. Ungdommen må ha erkjent sin diagnose, og sjølv ynskje å delta.
Gjennomføring og formål
Går føre seg:
- 8 samlingar a 2,0 timar på dagtid
- Faste pausar
- Litt drikke og snacks vert servert – pizza den siste gongen
- 8-12 ungdomar
Hovudformålet med gruppa er å gi auka kunnskap om diagnosen autisme og treffe andre ungdom med same diagnose. Nokre tema vi vil ta opp er:
- styrker og interesser
- kjensler
- kva stressar deg i kvardagen
- å vere saman med andre
- sensoriske utfordringar
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU
Planlagde kurs
Oppstart onsdag 3. september 2025
Kven passar kurset for?
Pasientar som har fått diagnosen autisme/Asperger og som ønsker å lære meir om diagnosen og treffe andre som har same diagnose. Kurset er for unge voksne frå 18 år og oppover.
Gjennomføring og formål
Går føre seg:
- 8 samlingar a 2,0 timar på dagtid
- Faste pausar
- Litt drikke og snacks vert servert – pizza den siste gongen
- 8-10 personar
Dette er et meistringsorientert gruppetilbod kor hovudmålet er å gje økt kunnskap om diagnosen og treffe andre med same diagnose. Kvar samling vil være en kombinasjon av samtaler i gruppa, undervisning, aktivitetar og filmar. Tema i gruppe vil blant anna vere autisme, interesser, kjensler, stresshandtering, sensoriske vanskar og å vere saman med andre.
Ca. 1 månad etter siste samling vert det tilbydd en individuell oppfølgingssamtale.
Kostnader
Det vil vera ein eigenandel for heile behandlingstilbodet
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no). eigenandel.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta
Planlagde kurs
Oppstart 30.9.2025
Kurs og gruppetilbod for føresette
Kven passar kurset for?
Foreldre til barn eller ungdom med autisme utan utviklingshemming, i alderen 6 – 12 år.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over 8 samlingar a 2,5 timar på dagtid. Det er plass til 6 foreldrepar pr gruppe.
Hovedformålet med foreldrerettleiingsgruppa er å:
- auke kunnskap om diagnosen autisme
- gjere seg refleksjonar om eigen åtferd i møte med barnet/ungdommen
- få kunnskap om kva som kan stresse barnet/ungdommen i kvardagen og kva barnet/ungdommen treng rettleiing i
- kva ferdigheiter treng dei for å meistre kvardagen sin?
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.
Det blir ikkje gjeve opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
Oppstart: onsdag 3. september 2025
Kven passar gruppetilbodet for?
Foreldre til barn eller ungdom med autisme uten utviklingshemming, i alderen 13 – 16 år.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over 8 samlingar a 2,5 timar på dagtid. Det er plass til 6 foreldrepar pr gruppe.
Hovudformålet med foreldrerettleiingsgruppa er å:
- auke kunnskap om diagnosen autisme
- gjere seg refleksjonar om eigen åtferd i møte med barnet/ungdommen
- få kunnskap om kva som kan stresse barnet/ungdommen i kvardagen og kva barnet/ungdommen treng rettleiing i
- kva ferdigheiter treng dei for å meistre kvardagen sin?
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Det blir ikkje gjeve opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
Oppstart onsdag 4. februar 2026
Kven passar kurset for?
Føresette til barn med autisme i alderen 3-6 år.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over tre dagar workshop der vi går igjennom grunnleggande prinsipp og tema i forhold til barn med autisme. Rettleiinga legg opp til aktiv og interaktiv deltaking med anledning til å treffe andre foreldre til barn med autisme.
Kurset bygger trinn for trinn forståing for korleis hjelpe barna å tileigne seg ferdigheiter.
- Tema dag 1: Læring, motivasjon, sensoriske vanskar, stress
- Tema dag 2: Språk, kommunikasjon, PECS, dagtavle
- Tema dag 3: Dagleglivets ferdigheiter, eting, søvn, bruk av do
Det er god avstand mellom kursdagane, slik at deltakarane kan erfare korleis teorien fungerer i praksis og ta opp nye spørsmål/utfordringar til neste kursdag. Meir Info kan en finne på: Enact.no.
Målet er å betre forståinga for kva autisme er, å gjere foreldre til barn med autisme tryggare i si rolle, samt å gi foreldre verktøy til å samhandle og kommunisere med barnet.
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.
Det blir gjeve rett opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
Datoar kjem
Kven passar kurset for?
Føresette som har ungdom mellom 15 og 20 år, som har utviklingshemming og omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar, med behov for oppfølging frå familie og hjelpeapparatet på vegen inn i vaksenlivet.
Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.
Gjennomføring og formål
Det er eit fire dagars kurs om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.
Vi ønskjer å skape ein arena kor føresette får informasjon og delar erfaringane sine med kvarandre.
Kostnader
Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta.
Planlagde kurs
4., 5., 11. og 12. september 2025
Kurs for personale
Kven passar kurset for?
Alle som arbeider med, og yter tenester kor det er fatta vedtak om tvang og makt etter Helse og omsorgstenestelovens kapittel 9, der det føreligg ein open tilvising hos HAVO. HAVO oppfordrar til at tenesteytarar med ulike funksjoner og roller i det kommunale tenesteapparatet - både med, og utan «formell kompetanse», deltar.
Gjennomføring og formål
Habiliteringsavdelinga ved Helse Fonna ønsker å invitere våre kollegar i kommunane til en dag med drøfting, refleksjon og kunnskapsutveksling, knytt til bruk av tvang og makt. - Presentasjon/gjennomgang av lovverket - Etisk og fagleg refleksjon - Gruppearbeid og case - Drøftingar og bli kjent med kollegaer på tvers av kommunegrenser
Kostnader
Workshopen er gratis
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta
Workshopen er kunn for personal til tilviste pasientar
Planlagde kurs
- 09.25
- 09.25
- Februar – 26 (dato kommer)
- September – 26 (dato kommer)
Kven passar kurset for?
Personal som yter tenester til pasientar som er tilvist HAVO for oppfølging vedrørande seksuell helse.
Gjennomføring og formål
Klokkeslett: 09.00-14.00.
Går føre seg over to dagar med drøfting, refleksjon og kunnskapsutveksling, knytt til seksuell helse. Workshopen er aktuell for personal som yter tenester til pasientar tilvist HAVO for oppfølging vedrørande seksuell helse.
Det forventast at 2 deltakarar frå same arbeidsstad deltar begge dagane, det vil bli gitt oppgåver til personalet som deltar mellom workshop dagane
Formålet er å sikre felles grunnforståing knytt til seksuell helse og bidra til at fagfolk i første linja kan føle seg trygge i oppfølging av pasientar i målgruppa for habilitering når det gjeld seksuell helse.
Intensjon med workshopen:
- Kompetanseheving
- Etisk og fagleg refleksjon
- Bli kjent med aktuelt verktøy/ressursar
Kostnader
Workshopen er gratis.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta
Workshopen er berre for personal til tilviste pasientar
Planlagde kurs
2026:
- Veke 10: 05.03.26
- Veke 17: 23.04.26
- Veke 42: 15.10.26
- Veke 46: 12.11.26
2027:
- Veke 10: 11.03.27
- Veke 17: 29.04.27
- Veke 42: 21.10.27
- Veke 46: 18.11.27
2028:
- Veke 10: 09.03.28
- Veke 17: 27.04.28
Endringar kan førekome.