Workshop: Åtferd som utfordrar
Kven passar kurset for?
Foreldre til barn og tilsette i barnehage, skole, PPT, kommunal avlastning og andre som arbeidar med barn i alderen 2-8 år med forseinka utvikling, utviklingsforstyrringar og språkvanskar.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over ein heil dag. Workshopen inneheld ein variasjon mellom presentasjon av teori, praktiske oppgåver og drøftingar. Barnet skal ikkje vera med på kursdagen.
Workshopen gir ein kompetanseauking til foreldre og personal som jobbar med målgruppa slik at dei kan identifisere tidlege teikn og forebygge åtferd som utfordrar og igangsette tiltak. Det vil verta ein gjennomgang av tidlege teikn/risikofaktorar for utvikling av åtferd som utfordrar, funksjonell analyse, målretta miljøarbeid, FAK og proaktive tiltak
Kostnader
Workshopen er gratis
Gir ikkje rett til opplæringspengar
Påmelding
På letsreg.no. Søk opp “helse fonna” i søkefeltet. Det er ikkje behov for tilvising
Planlagde kurs
Datoar kjem