Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Foreldrerettleiingsgruppe autisme 6-12 år

Kven passar kurset for?

Foreldre til barn eller ungdom med autisme utan utviklingshemming, i alderen 6 – 12 år.

Gjennomføring og formål

Går føre seg over 8 samlingar a 2,5 timar på dagtid. Det er plass til 6 foreldrepar pr gruppe.

Hovedformålet med foreldrerettleiingsgruppa er å:

  • auke kunnskap om diagnosen autisme
  • gjere seg refleksjonar om eigen åtferd i møte med barnet/ungdommen
  • få kunnskap om kva som kan stresse barnet/ungdommen i kvardagen og kva barnet/ungdommen treng rettleiing i
  • kva ferdigheiter treng dei for å meistre kvardagen sin?

Kostnader

Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.

Det blir ikkje gjeve opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.

Påmelding

Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.

Planlagde kurs

Oppstart Onsdag 3. september 2025

Sist oppdatert 09.09.2025