Førstehjelp for foreldre, autisme 3-6 år
Kven passar kurset for?
Føresette til barn med autisme i alderen 3-6 år.
Gjennomføring og formål
Går føre seg over tre dagar workshop der vi går igjennom grunnleggande prinsipp og tema i forhold til barn med autisme. Rettleiinga legg opp til aktiv og interaktiv deltaking med anledning til å treffe andre foreldre til barn med autisme.
Kurset bygger trinn for trinn forståing for korleis hjelpe barna å tileigne seg ferdigheiter.
- Tema dag 1: Læring, motivasjon, sensoriske vanskar, stress
- Tema dag 2: Språk, kommunikasjon, PECS, dagtavle
- Tema dag 3: Dagleglivets ferdigheiter, eting, søvn, bruk av do
Det er god avstand mellom kursdagane, slik at deltakarane kan erfare korleis teorien fungerer i praksis og ta opp nye spørsmål/utfordringar til neste kursdag. Meir Info kan en finne på: Enact.no.
Målet er å betre forståinga for kva autisme er, å gjere foreldre til barn med autisme tryggare i si rolle, samt å gi foreldre verktøy til å samhandle og kommunisere med barnet.
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år.
Det blir gjeve rett opplæringspengar til foreldra i dette tilbodet.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU.
Planlagde kurs
Datoar kjem