Gruppetilbod for unge vaksne med autisme
Kven passar kurset for?
Pasientar som har fått diagnosen autisme/Asperger og som ønsker å lære meir om diagnosen og treffe andre som har same diagnose. Kurset er for unge voksne frå 18 år og oppover.
Gjennomføring og formål
Går føre seg:
- 8 samlingar a 2,0 timar på dagtid
- Faste pausar
- Litt drikke og snacks vert servert – pizza den siste gongen
- 8-10 personar
Dette er et meistringsorientert gruppetilbod kor hovudmålet er å gje økt kunnskap om diagnosen og treffe andre med same diagnose. Kvar samling vil være en kombinasjon av samtaler i gruppa, undervisning, aktivitetar og filmar. Tema i gruppe vil blant anna vere autisme, interesser, kjensler, stresshandtering, sensoriske vanskar og å vere saman med andre.
Ca. 1 månad etter siste samling vert det tilbydd en individuell oppfølgingssamtale.
Kostnader
Det vil vera ein eigenandel for heile behandlingstilbodet
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vera kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort (helsenorge.no). eigenandel.
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta
Planlagde kurs
Oppstart 30.9.2025