Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Plutselig voksen, LMS kurs

Kven passar kurset for?

Føresette som har ungdom mellom 15 og 20 år, som har utviklingshemming og omfattande og samansette funksjonsnedsetjingar, med behov for oppfølging frå familie og hjelpeapparatet på vegen inn i vaksenlivet.

Både foreldrepar, enkeltståande foreldre eller andre føresette kan delta.

Gjennomføring og formål

Det er eit fire dagars kurs om overgangen frå barn/ungdom til vaksenliv og ei foreldrerolle i endring.

Vi ønskjer å skape ein arena kor føresette får informasjon og delar erfaringane sine med kvarandre.

Kostnader

Kurset er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.

Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Kurset gir rett til opplæringspengar til føresette som deltek.

Påmelding

Ein må ha tilvising frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta.

Planlagde kurs

4., 5., 11. og 12. september 2025

Sist oppdatert 09.09.2025