Psykoedukasjonsgruppe autisme 14-17 år
Kven passar kurset for?
Ungdom i alderen 14 – 17 år med ein autismespekterforstyrring diagnose uten utviklingshemming. Ungdommen må ha erkjent sin diagnose, og sjølv ynskje å delta.
Gjennomføring og formål
Går føre seg:
- 8 samlingar a 2,0 timar på dagtid
- Faste pausar
- Litt drikke og snacks vert servert – pizza den siste gongen
- 8-12 ungdomar
Hovudformålet med gruppa er å gi auka kunnskap om diagnosen autisme og treffe andre ungdom med same diagnose. Nokre tema vi vil ta opp er:
- styrker og interesser
- kjensler
- kva stressar deg i kvardagen
- å vere saman med andre
- sensoriske utfordringar
Kostnader
Rettleiingsgruppa er kostnadsfritt for barn og ungdom under 16 år. Frå 16 år vil det det vere ein eigenandel for heile behandlingstilbodet.
Eigenandelen inngår i oppteninga til frikort for helsetenester og rettleiinga vil vere kostnadsfritt med frikort. Sjå meir på Frikort for helsetjenester - Helsenorge
Påmelding
Ein må ha tilvising frå fastlege, BUP eller HABU
Planlagde kurs
Oppstart onsdag 3. september 2025
Sist oppdatert 09.09.2025