Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Workshop: Sosiale ferdigheiter

Kven passar kurset for?

Foreldre, lærarar og PPT og andre som har ansvar for barn og unge med ein autismespekterforstyrring diagnose

Gjennomføring og formål

Workshopen går føre seg over fire halve dagar i tida 10-14. Ein kan delta fysisk i Haugesund sjukehus sitt auditorium eller digitalt.

Det vil bli lagt opp til både teori og praktiske øvinga. Workshopen gir ei opplæring i

  • Autismespekterforstyrring (ASD)
  • Kartlegging av åtferd og ferdigheiter
  • Lage ein plan: forstå åtferd, hypotese og tiltak. (miljøfaktorar/sosiale ferdigheiter)
  • Metode og tilrådde innlæringsteknikkar
  • Opplæring i ViMo – ein enklare kvardag for barn og unge

Sosiale program er henta frå Social Skills Training-manualen til Jed Baker.

Kostnader

Workshopen er gratis.

Gir ikkje rett til opplæringspengar.

Påmelding

På letsreg.no. Søk opp “helse fonna” i søkefeltet. Det er ikkje behov for tilvising.

Planlagde kurs

  • 9. september 2025
  • 23. september 2025
  • 21.oktober 2025
  • 9. desember 2025
Sist oppdatert 09.09.2025