Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?
Psykiske liding kan føre til redusert livskvalitet og funksjonsevne. Difor er det viktig for oss i psykisk helsevern å skape gode behandlingstilbod for å gi deg som pasient eller pårørande betre livskvalitet og opplevd meistring.
AAT sine tre hovudfunksjonar
-
Samtaler per telefon
- Poliklinisk vurdering, der pasient kjem til vurdering hos behandlar på vakt etter tilvising frå fastlege eller legevakt. Ved behov for opphald ved Haugaland DPS, kan behandlar godkjenne kriseopphald på inntil tre døgn. Behov for lengre opphald blir vurdert av inntaksteamet ved DPSet.
- Ambulerande teneste der AAT rykker ut for å gi konsultativ bistand til lege- eller psykiatritenesta i kommunen
Kva skjer ved akuttbehandling?
I akuttposten blir pasient tatt i mot av lege og sjukepleiar. Dei gjennomgår sjukehistoria og tek ein somatisk undersøking, det vil seie ein sjekk av den kroppslege helsa.
Innan 24 timer blir alle pasientar vurdert av lege eller psykologspesialist og får ein fast behandlar og miljøkontakt.
Behandling og varighet av opphaldet blir tilpassa saman med pasienten. Alle vil få samtalar med behandlar, og dei som er vurdert og som ønskjer det, får tilbod om medisinar.
Sist oppdatert 01.04.2025