Haugaland DPS
Tilvising til psykisk helsevern for vaksne (PHV)
Dersom pasienten har eitt eller fleire teikn på alvorlege psykiske lidingar er det grunnlag for å bli tilvist via lege eller psykolog til behandling i spesialisthelsetenesten.
Pasienten kan og bør sjølv vere med på å utarbeide tilvisinga (henvisning).
Dette må vere med i tilvisinga:
- Personopplysningar (namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer)
- Familiesituasjon
- Historikk og status i forhold til psykisk og somatisk helse
- Medisiner
- Rusmiddelhistorikk
- Skule/arbeid/økonomi
- Involverte instanser og samarbeidsrelasjoner
- Iverksatte og planlagde tiltak
- Individuell plan (IP)
- Ressurser og eventuelle utfordringar til pasienten
- Mål for behandling
Tilvisinga sendast elektronisk eller pr. post til:
Haugaland DPS, Haugesund
PB 2170
5504 Haugesund
Når spesialisthelsetenesten mottar tilvisinga, blir det vurdert om pasienten har rett til helsehjelp, og frist for start av behandling. Vurderinga blir gjort på bakgrunn av informasjonen i tilvisinga, og i tråd med prioriteringsforskriften og prioriteringsrettleiarar.
Sist oppdatert 30.09.2025