Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hjerte/lunge/gastro sengepost, Stord

Vi er ei indremedisinsk avdeling som utgreier og behandlar pasientar med mange ulike sjukdomar, og dei viktigaste fagområda våre er hjarte, lunge og mage- og tarmsjukdomar.

Som pasient hos oss møter du eit tverrfagleg team med legar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar, helsefagarbeidarar, fysioterapeuter og postsekretær, og vi har jamleg studentar og lærlingar i avdelinga.

Vi samarbeider tett med andre avdelingar og sjukehus for å gi best mogleg behandling.

Dette bør du ta med deg til sjukehuset

  • Lett og behageleg privat tøy
  • Gode sko
  • Toalettsaker
  • Telefonlader

Dette bør du ikkje ta med deg

  • Verdisaker eller eigedelar av høg verdi. Vi kan ikkje ta ansvar dersom noko blir borte under opphaldet.

Merk: Det er ikkje lov å bruke sterk parfyme eller såper og kremar med sterk lukt.

Legevisitten er mellom klokka 09.00 og 12.00 alle kvardagar.

Helsepersonell har teieplikt. Det betyr at vi ikkje kan gi informasjon om helsa di til pårørande utan at du har gitt samtykke.

Vi oppmodar deg til å informere pårørande sjølv, når du er i stand til det.

Har dine pårørande ynskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast med avdelinga.

Vi ynskjer gjerne å ha kontakt med ein hovudpårørande under opphaldet. Denne personen kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien dersom pasienten ysnkjer dette.

Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlinga skal gå som planlagt, må du vere på rommet ditt når vi tek blodprøva. Spør personalet om når du skal ta blodprøve.

Namnebandet du får skal vere på under heile opphaldet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 8.00 og 16.00 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.

Vi kan ikkje alltid gi eksakte tidspunkt for undersøkingar, så du må rekne med venting.

Nokre pasientar får tilbod om "open dør", som betyr at du kan kome tilbake til avdelinga utan ny tilvising dersom du treng det. Dersom dette gjeld deg, får du meir informasjon frå oss. 

God handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset. Både for deg sjølv og andre pasientar.

Det er parkeringsplassar for pasientar og besøkande like utanfor sjukehuset, med kort avstand for gåande. Parkering skjer mot avgift.

På Stord sjukehus er det innført skiltgjenkjenningssystem. Du får tilsendt faktura frå ParkPay etter inn- og utkøyring.

Prisar:

  • 25 kroner per time
  • Makspris per døgn: 155 kroner

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for  sleppe av passasjerar ved behov.

Betalingsalternativer – ParkPay 

Har du kommunal hjelp eller det oppstår eit behov for kommunal hjelp, vil vi løpet av det første døgnet sende melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.

Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen. Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysingane som er sendt frå oss.

Når du skal reise heim, får du utskrivingssamtale med legen etter kl. 12.00. Du får ei oppdatert medisinliste, reseptar og sjukemelding dersom du treng det.

Det finst mange moglegheiter for oppfølging og rehabilitering etter sjukehusopphaldet, og du kan snakke med sjukepleiar om dette. 

Pasientreiser dekker billigaste reisemåte heim, i dei fleste tilfelle buss. Dersom det er medisinske årsaker til at du treng drosje heim, får du dekka dette. Det er også fint om pårørande kan hente ved heimreise.

Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport. Det gis ikkje refusjon til transport ved permisjon.

Røde kors kjem rundt i avdelinga med kiosktralle og boktralle med utlånsbøker ein dag i veka. 

Vi har også eit samarbeid med Røde kors si våketeneste, som kan hjelpe med tilsyn i pasienten sin siste fase i livet.

Praktiske opplysningar for innlagde

08.30: Frukost

09.00-12.00: Legevisitt (kvardagar)

12.30: Middag

15:00: Kaffimat

17.00-18.30: Visittid

18:30: Kveldsmat

Undersøkingar kan skje mellom desse tidene. Du får beskjed av lege, sjukepleiar eller helsefagarbeidar dersom det gjeld deg.

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med dei som jobbar på avdelinga.

På romma er det eigne skap til pasienttøy. Du får utdelt pasienttøy av personalet, eller du kan hente det ved behov. Hugs å vaske hendene før du opnar skapet.

Måltida blir servert av personalet i avdelinga. Du kan ete på rommet eller i daglegstova. 

Har du matallergi eller andre behov, gi beskjed til personalet. Dersom du ynskjer mat og drikke utanom faste måltid, ta kontakt med personalet – vi har alltid noko i kjøleskapet.

Du kan kjøpe mat i kantina i underetasjen på kvardagar mellom kl. 10.30 og 13.30. Du finn også automatar i gangen i 1. etasje.

Tidspunkt for måltid

Frukost: kl. 08:30 – 09:45

Middag: kl. 12:30-13:15

Kaffimat: 15:00-16:00

Kveldsmat: kl. 18.30-19.30

Du får dei medisinane du treng under opphaldet hos oss. Dersom du brukar medisinar som kan vere vanskelege å få tak i, eller brukar inhalasjonar eller augedråpar, ber vi deg ta dei med eller få dei levert til sjukehuset.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin. Bruk mobilnummeret ditt for å motta kode for innlogging.

Du kan bruke mobiltelefon hos oss. Av omsyn til andre pasientar og personalet ber vi deg avgrense talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.

Alle pasientar på sjukehuset har krav på ro og privatliv. Vis omsyn ved å ikkje ta bilde, film eller omtale andre i sosiale medium utan å spørje dei først.

Sei frå til oss om du ønskjer å snakke med prest eller sosionom.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Innlagde pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Sei frå til oss – vi er her for å gi deg god behandling og omsorg.

Besøk

Besøkstid er kl. 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.

Nokre pasientar må vere i isolasjon på grunn av smittevern. Det betyr at dei ikkje kan forlate rommet sitt før dei er ferdige med behandlinga eller er smittefrie.

Dersom du skal besøke ein pasient i isolasjon, må du ta kontakt med personalet i skranken. Vi viser deg kva du må gjere for å beskytte deg mot smitte under besøket.

Det er lov å ha med blomar i avdelinga, men unngå blomar med sterk duft, som bjørkefiken, georginer, krysantemum, alle typar liljer, nellik, prestekrage, svibel, amaryllis, juleglede og julestjerne.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 4. etasje på Stord sjukehus.

Skal du besøke ein pasient? Meld deg i skranken midt i avdelinga, eller ta kontakt med personalet før du går inn på pasientrommet. 

En bygning med trær og biler foran seg

Stord sjukehus

Tysevegen 64, 5416 Stord