Praktiske opplysningar til pasientar som har time
Her finn du praktiske opplysningar som er viktige før, under og etter timen din på sjukehuset.
Avbestilling eller endring av time
Har du behov for å endre timen din, gjer du dette digitalt via Helsenorge.no.
Dersom du ikkje kan møte til timen, må du avbestille eller endre timen seinast 24 timar før avtalt tid (gjeld kvardagar). Har du time på ein måndag, må du avbestille seinast fredagen før.
Om du ikkje gir beskjed innan fristen, må du betale gebyr for å ikkje ha møtt.
Vi anbefaler at du møter til timen du har fått. Dersom du byter time, kan det bli lang ventetid på grunn av stor pågang.
Sjå også Avbestilling av time/om du ikkje møter - Helse Fonna HF
Når du kjem på sjukehuset (innsjekk og betaling)
Som pasient får du ei tekstmelding på telefon (SMS) før timen hos oss.
- Følg rettleiinga i tekstmeldinga for å registrere innkomst.
- Set deg deretter i ventesone 1B og vent til du blir kalla inn.
- Du får ei ny tekstmelding når det er din tur. Meldinga seier kva rom du skal gå til.
Når du er ferdig med timen, får du ny tekstmelding med informasjon om betaling. Du kan anten betale med Vipps, faktura eller i resepsjonen i 1. etasje.
Sjølvbetent innsjekk og betaling - Helse Fonna HF
Betaling og eigenandel
Har du vore til undersøking eller behandling ved poliklinikken, må du betale eigenandel. Du kan velje mellom å betale på automat i resepsjonen, eller få Vipps-krav på mobiltelefon.
Les meir om eigenandel på Egenandeler og pasientbetaling på sykehus og poliklinikk - Helsenorge
I nokre tilfelle kan du vere fritatt for eigenandel (ta med dokumentasjon).
Merk: Du kan bli belasta for kostnader til materiell (for eksempel bandasje) som blir brukt under konsultasjonen, sjølv om du har frikort eller er fritatt frå eigenandel.
Er du ikkje medlem av norsk folketrygd, kan det hende du må betale sjølv. Les meir om andre betalingsordningar på Helsenorge.no, eller kontakt NAV for å finne ut kva rettar du har før timen.
Sjå også Utlendinger i Norge - Helsenorge