Info til pasientar som skal fjerne deler av prostata
Om prostata og behandling
Prostata er ein kjertel som ligg ved blærehalsen hjå menn. Denne kjertelen vil ofte vekse etterkvart som du blir eldre. Hos enkelte vil han bli så stor, at han klemmer på urinrøyret og dermed lagar hindring for urin-drenasjen. Dette har du sikkert oppdaga, at urinstråla er svakare, og du går gjerne oftare på toalettet, evt må opp om natta.
For å laga større opning forbi prostata, kan kirurgen fjerne delar av prostatakjertelen. Det kan gjerast på fleire måtar. Det vil vera legen, i samråd med deg, som avgjer kva måte dette blir gjort på.
Operasjonsdagen
Om morgonen
Du tar eit lett morgonstell. Du skal kun ha på deg skjorte og nettingtruse. Det blir lagt inn ein venekanyle (tynn plastslange) i ein åre på armen din. I denne får du intravenøs væske.
Til operasjonsavdelinga
Du får ikkje lov å ha med deg lause eigendeler som smykker, ringer, øyredobber, klokke, briller og høyreapparat. Dette tar vi vare på for deg.
Når det er din tur vil ein sjukepleier følge deg til operasjonsavdelinga. Her overtar ein narkosesjukepleier som skal passe på deg under operasjonen.
Etter operasjonen
Etter operasjonen er ferdig, vil det bli lagt inn eitt kateter (slange) gjennom urinrøyret til blæra, og det blir starta «gjennomskyll» med fysiologisk saltvatn.
Dette foregår ved at vi heng opp 3 liters posar med fysiologisk saltvatn, som skyljer kontinuerleg gjennom urinblæra. Skyljevæska renn ut i urinposen ved senga, og deretter tømt i ein oppsamlingskolbe.
Når skyljevatnet er passe klart, kan kateteret fjernast. Dette er vanligvis tidleg på morgonen dagen etter operasjon.
Denne dagen vil sjukepleiar på avdelinga undersøke at du får tømt blæra tilstrekkeleg etter du har vore på toalettet. Det er derfor viktig at du gir beskjed etter kvart toalettbesøk. Enkelte kan få utfordringar med å tømme blæra tilstrekkeleg etter ein slik operasjon; i desse tilfella vil ein få lagt inn eit mindre kateter som skal ligge inne i ca. 2 veker.
Den første tida etter operasjonen kan blæra trekkja seg saman oftare, og du kjenner meir hastverk med å nå toalettet ved vannlatingstrong. Dette betrar seg gradvis. Etterkvart kan du «trena blæra» gradvis, slik at du ikkje treng å gå på toalettet oftare enn kvar 3. til 4. time (med normal drikkemengde).
Dei fleste reiser heim andre dag etter operasjon. Om du har fått innlagt kateter og skal reise heim med dette, vil du få innkalling til uroterapaut for fjerning av dette ca. 14 dager etter utskriving.
Etter utskriving
Det er fint om du har pårørande som kan hente deg. Viss ikkje, vil du få transport etter gjeldande regler, sjå Pasientreiser - For pasientar - Helse Fonna HF
I praksis vil dette vere taxi eller buss. I utgangspunktet skal utreise skje innan kl. 10.00 dagen du blir utskriven.
Kontakt for informasjon om transport til og frå behandling: Pasientreiser - Helse Fonna HF
Dersom du har startet på nye medikament under sjukehusopphaldet, eller det er gjort endringar på dosering av faste medisinar du brukte før innlegging, vil du få resept på dette.
Øvrige medikament må du få resept på hos din fastlege.
Er du i arbeid vil du få sjukemelding av oss, avhengig av type arbeid. Treng du forlenging av sjukemelding, tar du kontakt med fastlegen din.
Om du skulle oppleve dråpelekkasje av urin fordi du ikkje når toalettet i tide, vil dette normalt betra seg etter kvart.
Små truseinnlegg for menn vil vere eit godt hjelpemiddel i starten.
Trening av bekkenbotnmuskulatur kan vere aktuelt, dersom ein har eit vedvarande problem. Då er det viktig at du drikk godt, og minst 2 liter dagleg. Det gir god «gjennomskyljing» gjennom blæra og såret i prostata.
Bekkenbotntrening kan vere nyttig for å betre kontrollen med vasslating (urinering) etter operasjonen.
Vi anbefaler regelmessig trening med 10 knip der ein held i 5-8 sekundar, og 3 treningsserier daglig. Det er viktig å finne riktig muskulatur:
- Knip saman rundt endetarmen og trekk muskelen framover mot skambeinet/oppover mot navlen
- Merk at pung og penis løfter seg
- Unngå å bruke sete, mage eller lår
- Det er viktig å «halde knipet» og så ta ein pause på 10 sekundar. Gjenta 10 gonger (ein treningsserie). Slik trener du både styrke og uthald (utholdenhet) som er nødvendig.
Det vil etter ein prostataoperasjon vere ein sårflate innvendig over prostata. Det tar ca. 6-8 veker før dette såret er grodd.
Du vil i periodar oppleve at urinen er grumsete og mørkare blodig. Etter ca. 2 veker, kan du oppleve at urinen blir ekstra raud, fordi sårskorpa innvendig forsvinn. Dette er ikkje farleg.
Mange merkar ikkje noko spesielt.
Sædledarane munnar ut i prostataområdet. Etter ein operasjon vil normalt sædvæska gå inn i urinblæra ved sædutløysing, for deretter å tømmast ut ved neste vasslating (urinering).
Ein kan difor ikkje få barn etter ein slik operasjon. Det påverkar normalt ikkje seksuell lyst, eller evne til å gjennomføra samleie.
- Drikk rikeleg væske
- 2-3 liter i døgnet når du er på sjukehuset
- 1,5-2 liter når du kjem heim (dei første 1-2 månadene)
- Ikkje løft tyngre enn 5-6 kg
- Unngå hard avføring / bruk av bukpress når du går på toalettet
- Unngå sykling, symjing, plenklipping, snømåking, støvsuging osv.
- Unngå seksuell aktivitet i 4 veker etter operasjonen
- Avklar med legen din når du kan starte på jobb igjen
- Ver i aktivitet, gå turar.
- Vasslatinga (urinering) stoppar opp og du ikkje klarer å tisse.
- Feber / aukande svie ved vasslating.
- Kraftig smerte som ikkje gir seg.
Har du spørsmål etter utskriving frå sjukehuset kan du ta kontakt med ditt lokale sjukehus:
- Stord sjukehus, telefon 53 49 10 10
- Haugesund (og Odda) sjukehus, telefon 52 73 24 30
Vi ønsker helst at du tar kontakt i kontortida mellom kl. 08.00 - 14.00.