Informasjon ved utreise frå kirurgisk avdeling
Viss du har fått på ein PICO-vakuumbandasje som skal bytast om cirka 7 dagar:
- Bandasjen toler ikkje dusjing.
- Bytte av denne vil skje etter avtale med oss.
Viss du har på ein PICO-vakuumbandasje som skal bytast om cirka 12 dager:
- Bandasjen toler ikkje dusj.
- Bytte av denne vil skje etter avtale med oss.
Viss du har fått på ein vanleg, gjennomsiktig bandasje utan vakuumpumpe:
- Denne skal ligge på til sting eller agraffar fjernast.
Hugs god handhygiene dersom det blir nødvendig med bandasjeskift. Vask hendene godt før og etter handtering av operasjonssåret. Du skal aldri røre innsida av bandasjen som kjem i kontakt med operasjonssåret.
Viss såret er sydd med gjennomsiktig tråd som løyser seg opp av seg sjølv:
- Nokre gonger er desse stinga dekka med strips – då skal desse ligge på i minst 14 dagar eller til dei faller av sjølv.
Viss såret er sydd med sting eller agraffar som skal fjernast:
- av fastlege, heimesjukepleie eller på sjukehjem. Du må sjølv bestilla time for fjerning av sting eller agraffar hos fastlege.
- på poliklinikk.
Dersom du har fått gips må du være merksam på teikn til at gipsen er for trong eller gnagar.
Hald arm eller fot heva for å få minst mogleg hevelse. Dette er spesielt viktig dei første dagane etter utreise.
Om gipsen din er for trong eller gnagar tar du kontakt med kirurgisk avdeling.
Viss bandasjen din toler vatn:
- Den skal ligge på når du dusjer.
- Du må vente i minst 7 dagar før du kan dusje, eller vente til etter du har fjerna stiga eller agraffane.
- Når du er ferdig å dusje tek du av den gamle bandasjen, lar huda lufttørke og legg på ein ny bandasje.
Viss du har fått ein bandasje som må dekkast til ved dusj, må du alltid skifte bandasje dersom denne blir våt. La først såret lufttørke før du legg på ny bandasje.
Viss bandasjen din tåler ikkje vatn:
Ved tildekking av bandasje i forbindelse med dusj kan du bruke:
- Plastfilm kjøpt på apotek.
- Eige dusjbeskyttelse/-pose kjøpt på apotek.
- Plastpose rundt fot/arm som teipast igjen i overkant og underkant.
Du kan dusje utan å dekkje til bandasjen når stinga eller agraffar (kirurgisk metallklemme) er fjerna og såret er grodd. Ved dusj bør du unngå såpe i såret og skylje området godt med reint vatn til slutt.
Gips må alltid dekkast til!
Det er heilt normalt å ha smerter frå det skadde eller opererte området når du kjem heim.
Dei smertestillende medisinene du har fått resept på av oss skal brukast og trappast ned etter anvisning.
Ved behov for meir smertestillende den første veka etter utreise kan du ta kontakt med kirurgisk sengepost, etter dette tek du kontakt med fastlegen din.
Etter ein skade eller operasjon er det normalt med hevelse og misfarga hud i det skadde eller opererte området.
Normalt vil hevelsen avta dei første dagane, men kan øke igjen når du begynner å væra meir oppe og den skadde eller opererte kroppsdelen heng ned. Hevelsen kan du redusere ved å heve det skada eller opererte området.
Elastisk bind eller kompresjonsstrømpe kan også redusere hevelsen. Ved stor hevelse som ikkje avtar etter nemnte tiltak, kan du ta kontakt med kirurgisk sengepost for ein vurdering.
Dersom du ser teikn til infeksjon i operasjonssåret må du ta snarlig kontakt med kirurgisk sengepost slik at ein lege får vurdere behov for vidare tiltak.
Teikn på infeksjon er:
- Rødhet, hevelse og varme i huda
- Økande, vedvarende siving av sårvæske
- Økande smerter
- Feber
- Generell sjukdomsfølelse
Etter ein operasjon er det viktig at du er i aktivitet så mykje som moglig, om du ikkje får anna beskjed.
Følg instrukser og informasjonsskriv som du har fått av fysioterapeut eller lege.
Dersom du har behov for hjelpemiddel ved utreise kan dette bestillast via kommunen du bur i.
Dei fleste hjelpemiddel kommunen låner ut er gratis. Nokre kommunar tilbyr også utkjøyring mot eit gebyr.
Du kan bestille hjelpemidla sjølv via telefon. Dersom du treng hjelp til dette kan vi hjelpe deg med bestillinga.
Telefonnummer til dei kommunale lagera for hjelpemiddel:
- Stord kommune: 53 49 66 00
- Bømlo kommune: 53 42 31 88
- Fitjar kommune: 46 91 30 15/90 80 87 39
- Kvinnherad kommune: 94 00 65 11
- Tysnes kommune: 53 43 16 60
Du kan ikkje kjøyre bil same dag som du har fått narkose. Du skal heller ikkje vere aleine heime den første natta dersom du er operert med narkose.
Treng du sjukemelding skrives dette ved utreise. Denne blir sendt elektronisk.
Dersom du trenger forlengelse av sjukemeldingen kan du ta kontakt med fastlegen din.
Om du går på skule eller treng bekreftelse på at du har vore innlagt, gir du beskjed om dette før utreise.
- Kontroll hos lege på poliklinikk om ______________
- Ringetime med lege om ______________
- Røntgen i forkant av kontrolltimen
- Ingen kontroll planlagt
De første to vekene etter utreise kan du ta kontakt med kirurgisk sengepost på telefonnummer 53 49 10 10, om det er noko du lurer på knytta til innlegginga.
Etter dette kan du kontakte fastlegen din om eventuelle spørsmål.
Vi ønsker fortrinnsvis at du ringer i kontortida, kvardagar kl. 08.00-14.00.
- På www.helsenorge.no kan du logga deg inn å lese journaldokument i frå oppholdet ditt.
- På www.helse.fonna.no/behandlinger finner du pasientinformasjon om behandlingar ved sjukehusa i Helse Fonna
- Informasjon om pasientreiser finn du på www.pasientreiser.no