Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kirurgisk sengepost, Haugesund

Kirurgisk sengepost er ei avdeling for fleire typar kirurgi: kar (blodårer), thorax (brystkasse), bryst, endokrin (hormonkjertlar) og generell kirurgi. Vi tek imot både akutte og planlagde (elektive) innleggingar.

Dei vanligaste diagnosene vi behandlar er:

  • sirkulasjonsforstyrringar i blodårene
  • brystkreft
  • føflekkreft
  • sjukdom i skjoldbruskkjertelen (thyreoidea)
  • luft i brysthola (pneumothorax)
  • brannsår
  • ulike skadar

Som pasient hos oss møter du eit tverrfaglege team med kirurgar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Vi samarbeider tett med andre yrkesgrupper, avdelingar og andre sjukehus i pasientbehandlinga.

Vi er ein engasjert og kompetent stab som ønskjer å gi deg best mogleg behandling og pleie.

Besøkstid er kl. 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet.

Det er ikkje lov å ha blomar på avdelinga.

Dette bør du ta med deg til sjukehuset

  • Lett og behageleg privat tøy
  • Gode sko
  • Toalettsaker

Dette bør du ikkje ta med deg

  • Verdisaker eller eigedelar av høg verdi. Vi kan ikkje ta ansvar dersom noko blir borte under opphaldet.

Merk: Det er ikkje lov å bruke sterk parfyme eller ha blomar på avdelinga.

God handhygiene er ekstra viktig når du er på sjukehuset. Både for deg sjølv og andre pasientar.

Under opphaldet

Har dine pårørande ynskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast med avdelinga.

Vi ynskjer gjerne å ha kontakt med ein hovudpårørande under opphaldet. Denne personen kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien dersom pasienten ysnkjer dette.

Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlinga skal gå som planlagt, må du vere på rommet ditt når vi tek blodprøva. Spør personalet om når du skal ta blodprøve.

Namnebandet du får skal vere på under heile opphaldet.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande. Sjå etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin. Bruk mobilnummeret ditt for å motta kode for innlogging.

Måltid blir servert i pasientkantina i 4. etasje eller på rommet for dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå til kantina. Når du går i kantina, må du ha på deg privat tøy.

Har du matallergi eller andre spesielle behov, gi beskjed til personalet. Du må gjerne bruke vanndispenseren vi har på gangen.

Tidspunkt for måltid:

Frukost: kl. 08.00-09.30
Lunsj: kl. 11.30-12.30
Middag: kl. 14.30-15.30
Kveldsmat: kl. 18.30-19.30

Vi sørgjer for dei medisinane du treng under opphaldet.

Du må likevel ta med:

  • augedropar
  • inhalasjonsmedisinar
  • H-reseptar

Brukar du medisinar som er vanskelege å skaffe, ber vi om at du tek dei med eller får dei levert til sjukehuset, slik at du har dei til vi eventuelt får bestilt nye.

Har du kommunal hjelp eller det oppstår eit behov for kommunal hjelp, vil vi løpet av det første døgnet sende melding til kommunen om innleggingsårsak, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.

Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen. Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysingane som er sendt frå oss.

Sjukehusapoteket ligg i 1. etasje ved resepsjonen. Opningstider er måndag til fredag frå kl. 09.00 til 16.30.

Pasientreiser dekker billigaste reisemåte heim, i dei fleste tilfelle buss. Dersom det er medisinske årsaker til at du treng drosje heim, får du dekka dette. Det er også fint om pårørande kan hente ved heimreise.

Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport. Det gis ikkje refusjon til transport ved permisjon.

Områder med avgrensa eller ingen avtale på pasienttransport - Helse Fonna HF

Vi har tilbod om open dør til kreftpasientar som er under behandling.

Dersom du får biverknadar av kreftbehandling, kan du ta direkte kontakt med oss på telefon 52 73 24 20. 

Sei frå til oss – vi er her for å gi deg god behandling og omsorg.

 

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 4. etasje på Haugesund sjukehus. Bruk heisen ved resepsjonen i 1. etasje. Ta til venstre når du går ut av heisen og gå nedover gangen til du kjem til resepsjonen vår. Der kan du melde din ankomst.

En høy vinkel av en bygning

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Besøkstider

  • I dag 17:00 - 18:30

Praktisk informasjon

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har tre ladeuttak.

Reserverte parkeringsplassar

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar på toppen av parkeringshus. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Parkeringsavgift

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

Parkering i Haugesund sentrum

Sjå P-kart - Haugesund Parkering