Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus
Anatomi og fysiologi
Lungene
- Lufta du pustar inn går ned i luftrøyret.
- Luftrøyret deler seg vidare i bronkiar.
- Bronkiar deler seg opp i stadig mindre bronkiolar og endar til slutt i millionar av små, tynne og skjøre blærer som blir kalla alveolar.
- Alveolane slepper oksygen frå lufta inn i blodet, og karbondioksid frå blodet blir sendt over i lufta du pustar ut.
Luftvegane og luftblærene er elastiske, slik at dei blir blåste opp ved innpust og trekkjer seg saman ved utpust.
Om astma
Astma er ein kronisk irritasjons- eller betennelsestilstand i luftvegane. Luftvegane blir overkjenslege og du kan oppleve fleire episodar med hoste, trykk i brystet, tung pust, auka slimproduksjon og surkling – særleg om natta eller tidleg om morgonen.
Astma og astmaanfall kan bli utløyst av ulike faktorar, som til dømes:
- allergi
- utemiljø
- inneklima
- vêrforandringar
- aktivitet
- forkjøling
Difor kan du oppleve både gode og dårlege periodar. Mellom episodar med forverring kan pusten vere normal. Astma kan oppstå i alle aldrar, frå småbarnsalder til vaksen alder.
Astma kan kome av ein reaksjon på partiklar i lufta, som til dømes:
- husstøvmidd
- pollen
- dyrehår
Andre utløysande årsaker til astma er tobakksrøyk, luftforureining, kulde, trening og sjukdom i luftvegane, som til dømes forkjøling.
Vanlege symptom ved astma er tung pust, trykk og piping i pusten, hoste og slim som ofte er blankt. Nokon opplever forverring av symptoma når dei ligg. Symptoma kan variere frå dag til dag, og du kan i periodar ha få eller ingen symptom.
Mange har periodar med tyngre pust, til dømes:
- ved luftvegsinfeksjonar
- i kald luft
- ved kontakt med stoff som kan framkalle allergi (allergenar)
Astma:
- er vanleg
- er ubehageleg
- kan vere invalidiserande
- er variabel
- kan behandlast
- kan vere farleg
- har til dels vore utilfredsstillande behandla
Kva skjer i luftvegane når du blir tett?
Det er ulike faktorar som kvar for seg kan føre til anfall og gjere luftvegane trongare:
- Krampe i muskulaturen blir ofte merka som akutte astmaanfall.
- Ved daglege astmaplager er det ei kronisk irritasjonstilstand i luftvegane som gir hevelse i slimhinna. Det gir mindre plass for lufta til å strøyme fritt inn og ut, og det blir særleg vanskeleg å puste raskt ut.
- Irritasjon eller betennelse i slimhinnene ved astma gjer luftvegane meir følsame. Dette fører også til at krampetendensen aukar i muskulaturen rundt luftrøyra (bronkiar), som igjen fører til at ein underbehandla astma lettare gir akutte anfall med tung pust.
- Ved astma blir det produsert meir slim i luftvegane enn hos friske personar, på grunn av betennelse. Dette kan gi plagsam hoste, særleg ved luftvegsinfeksjonar.
Kvifor får du astma?
Tendensen til å kunne reagere allergisk (atopi) er delvis styrt av arvelege faktorar som kan auke risikoen for å få astma. Atopi finst hos 30–50 prosent av befolkninga, men berre nokre få av desse blir astmatikarar.
Det er også funne fleire andre arvelege faktorar som er knytte til auka risiko for å utvikle astma, men ofte veit vi ikkje kvifor enkelte personar får astma.
Allergen (stoff som skaper allergisk reaksjon)
- Husstøvmidd
- Dyreallergi: katt, hund, kjæledyr
- Muggsopp (fuktige hus)
- Pollen: or, hassel, salix (selje, pil, vier), bjørk, gras, burot
Det er også vist at yrkesbetinga faktorar kan spele ei rolle i utvikling av astma. Dette gjeld mellom anna i metallindustrien, sveisehaller, bakeri, landbruk og målaryrke.
Tobakksrøyk
Tobakksrøyk kan spele ei rolle både for utvikling av astma og for forverring av symptom.
Passiv røyking:
Foreldres – og spesielt mors – røyking aukar førekomsten av astma hos barn. Barn under to år er særleg utsette.
Aktiv røyking:
Kan auke risikoen for å utvikle yrkesastma hos personar som er utsette for kjente astmautløysande faktorar i arbeidet. Det er ikkje bevist at røyking åleine utløyser astma, men det er ein sterk samanheng mellom røyking og kols (Kronisk Obstruktiv Lunge Sjukdom) og emfysem.
Luftforureining
Store studiar som har undersøkt om utandørs luftforureining gir auka førekomst av astma, har ikkje vist at slik forureining aleine aukar risikoen for å få sjukdomen.
Når det gjeld innandørsklima, viser undersøkingar at innandørs luftforureining (som fukt og muggsopp) kan bidra til utvikling av astma.