Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus

Pusteøvingar og pusteteknikkar

Her kan du lære enkle teknikkar som kan hjelpe deg å puste roligare, få betre kontroll på tung pust og løyse opp slim. Du får øvingar og blir kjent med hjelpemiddel og gode vanar.

Pusteøvingar

Øv på djupe, rolege pust i denne rytmen: inn – ut – ut... inn – ut – ut

Utpusten skal vare dobbelt så lenge som innpusten. Pust helst inn gjennom nasen og ut gjennom munnen – det reinsar, varmar og fuktar lufta.

Under aktivitet kan det hjelpe å puste ut når du gjer sjølve bevegelsen, til dømes når du går opp eit trinn – slik vektløftarar pustar ut når dei løftar.

Slim og hoste

Slim blir normalt produsert i lungene og er eit viktig hjelpemiddel for å fjerne bakteriar og virus. Mange med lungesjukdom lagar meir slim enn vanleg, og slimet kan bli tjukt og seigt. Dersom slimet blir verande i lungene, gir det grobotn for infeksjonar. Difor er det viktig å få slimet opp.

Hoste er eit godt hjelpemiddel så lenge den er produktiv. Samtidig kan lange hostekuler vere slitsame og bør unngåast.

Forbehandling

  • Ta gjerne opnarmedisin (Ventoline/Bricanyl/Airomir/Atrovent).
  • Eventuelt annan slimløy­sande medisin (t.d. «saltpipe», saltvatn på forstøver, Bronkyl/Mucomyst).
  • Drikk nok væske – det fortynnar slimet. Varme drikker kan òg løyse slim.

Kondisjonstrening / aktivitet

  • Auka ventilasjon kan løyse opp slim.
  • Eksempel på aktivitetar som hjelper: gåtur, sykling og symjing.

Hosteteknikk: støt

Støt blir brukt for å flytte slim:

  • Du kan bruke både korte og lange støt, og du gjer det med open munn.
  • Eit lite papprør kan vere eit nyttig hjelpemiddel.

Leppepust

Leppepust kan hjelpe når du er tungpusta ved å hindre at dei små luftvegane klappar saman.

Teknikken kan også lindre angst fordi du får betre kontroll over pusten.

PEP-fløyte (mini-PEP/PEP-maske)

PEP gir eit lett mottrykk når du pustar, og endrar korleis lufta beveger seg i lungene. Dette kan hjelpe slimet til å løsne og bli lettare å få opp. Det kan også hindre at små luftvegar klappar saman.

Hovudregel: bruk PEP morgon og kveld.

Dagleg reinhald:

  1. Ta dei tre delane frå kvarandre
  2. Vask i mildt såpevatn
  3. Skyll godt for å fjerne såperestar
  4. La delane tørke heilt før du set dei saman igjen

Stillingsendring

Dette er viktig for alle. Dersom du må halde senga, bør du variere mellom å liggje på høgre og venstre side. Varier også mellom liggjande, sittande og ståande.

Gjer strekkøvingar med armane, ta djupe pust og bruk støt-teknikk, slik fysioterapeuten har vist deg.

Strykningar

Rolige strykningar over ryggen kan roe pusten og hjelpe deg med å få ein djupare respirasjon. Dette kan også løyse slim.

Får du ei hostekule:

  • Finn ei god kvilestilling
  • Bruk leppepust
  • Ta nokre rolege, djupe pust
  • Støt 2–3 gonger
  • Drikk gjerne noko varmt/lunkent
  • Endre stilling og gå litt rundt

Hostar du om natta, kan du ha ein termos med varm drikke på nattbordet.
Prøv dei same teknikkane – det kan hjelpe å bryte hostinga.

Avspenning

Målet med avspenning er å:

  • klare å sleppe spenningar i musklane
  • betre muskelkjensla og skilje mellom spenning og avspenning
  • få betre kontroll over eigne spenningar

Ved tett og tung pust arbeider musklane i bryst, armar og hals hardt. Dette kan gi smerter og overflatisk pust (lite magepust). Dette kan bli ein vane og gi langvarige muskelplager og dårleg pustemønster – også i gode periodar.

Gjennom avspenning kan du bli meir bevisst på dette, kjenne når du er anspent (t.d. heisa skuldrer) og sleppe spenningar. Det gir mindre smerter og lettare, friare pust (basal respirasjon).

Avspenningsteknikk

Avspenningsteknikkar kan brukast både i gode og dårlege periodar:

I gode periodar: for å bli kjent med eigen kropp og øve på teknikken.

I dårlege periodar: for å bryte anfall, sleppe muskelspenningar og få meir normal pust.

Sist oppdatert 17.03.2026