Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus
Røykeslutt
Dette er det viktigaste du kan gjere for å halde deg frisk. Tobakk og røyk er blant dei største årsakene til helseplager hos vaksne. Det er vanskeleg å slutte å røyke. Difor er det lurt å få hjelp – anten om du er svært motivert, eller om du er usikker på om du ønskjer eller klarer å slutte.
- Set ein dato. Erfaring viser at halvparten av suksessen ligg i å planleggje røykeslutt.
- Gjer om på røykevanane dine før du sluttar. Røyk andre stader og til andre tider enn du er van med. Dette hjelper deg med å bryte vanar og trappe ned.
- Skriv ned grunnane dine. Notér kvifor du vil slutte, og ha lista lett tilgjengeleg dei dagane du er mindre motivert.
- Lag ein plan for røykesug. Eit røykesug går som regel over etter nokre minutt. Planlegg kva du skal gjere når suget kjem – til dømes drikke eit glas vatn eller gå ein tur.
- Når du sluttar – slutt heilt. Ikkje ta eit einaste trekk. Alle abstinensar går over så lenge du ikkje røyker. Dersom du røyker av og til, blir du aldri kvitt suget.
- Spis jamleg. Dei første vekene etter røykeslutt kan blodsukkeret vere ustabilt, så det er viktig å ete nok. Fire måltid og mellommåltid som frukt eller nøtter er anbefalt.
- Hald motivasjonen oppe og søk støtte. Snakk gjerne med andre som sluttar, eller som har slutta før deg.
- Bruk hjelpetilbod. Nikotinmiddel (plaster, tyggegummi, sugetablettar) lindrar abstinensplager og doblar sjansen for å lukkast. Nikotinmiddel finst i ulik styrke – spør på apoteket. Det finst også reseptbelagte legemiddel som lindrar abstinensar og dempar røykesug. Snakk med fastlegen om dette kan vere aktuelt.
- Gi noko tilbake til deg sjølv. Fokuser på dei positive endringane. Legg til side pengane du elles ville brukt på røyk, og bruk dei på noko hyggeleg.
- Få hjelp. Du kan få fleire råd og gratis hjelp til røykeslutt gjennom Frisklivssentralen og Røykeslutt-telefonen: 800 400 85. Du kan òg bruke appen Slutta eller det nettbaserte programmet på no.
Sist oppdatert 11.03.2026