Astmaskole - Lungeavdelinga, Haugesund sjukehus
Slik blir astma behandla med medisinar
Her lærer du om inhalasjonsmedisinar, korleis dei verkar, og når dei skal brukast.
Behandlingsprinsipp
Inhalasjonsmedisinar opnar lungene og kan behandle og førebyggje inflammasjon.
I tillegg anbefaler vi vaksine mot influensa og lungebetennelse. Desse sjukdommane kan vere alvorlege for mange med lungesjukdom. Ein bør unngå smitte av forkjøling og andre smittsame sjukdommar.
Inhalasjonsmedisinar
Inhalasjonsbehandling er medisinar som verkar direkte i lungene, og kan hjelpe mange med luftvegssymptom.
Anfallsmedisin/opnarmedisin
Eksempel på denne type medisinar er Ventoline, Bricanyl, Airomir og Atrovent.
- Dette er medisinar som bør takast før anstrengelse for å førebyggje tung pust og redusere tida det tek før pusten blir betre igjen.
- Du kan også ta medisinen når du er plaga med tung pust, men då vil effekten ikkje vere optimal.
- Nokre medisinar verkar ved å løyse opp kramper i muskulaturen, medan andre verkar avslappande.
- Desse medisinane verkar etter 5–15 minutt og varer i opptil 4–6 timar.
- Moglege biverknader: hjartebank, skjelving i hendene, munntørrheit.
Førebyggjande medisin
Eksempel på denne type medisinar er Pulmicort og Flutide.
- Dette er medisinar som roer ned inflammasjon i bronkiar. Dei skal takast fast til same tidspunkt (morgon og kveld) og verkar i 12 eller 24 timar, avhengig av preparatet.
- Moglege biverknader: hesheit, sopp i munnen.
- Viktig: Skyl munn etter inhalasjon.
Langtidsverkande opnarmedisin
Eksempel på denne type medisin er Spiriva.
- Dette er medisinar som opnar lungene ved å påverke muskulaturen i lungene.
- Dei skal takast fast til same tidspunkt kvar dag og verkar i 24 timar.
- Du skal ikkje kombinere denne medisinen med Atrovent, men du kan bruke anna anfallsmedisin ved behov.
- Moglege biverknader: munntørrheit.
Kombinasjonsmedisin
Eksempel på denne type medisinar er Seretide, Relvar, Symbicort, Inuxair og Trimbow.
- Dette er inhalatorar som kombinerer verkestoff frå åpnermedisin, anfallsførebyggjande medisin og eventuelt førebyggjande medisin.
- Biverknader: same som enkelte av dei kombinerte preparata.