Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil du jobbe på lungeavdelinga?

Hos oss får du høve til å utvikle deg fagleg i eit støttande og engasjert arbeidsmiljø. Vi prioriterer fagleg kompetanse høgt, og tilbyr støtte til relevante vidareutdanningar – til dømes innan lunge-, kreft-, palliasjons- og intensivsjukepleie.

Med relevant erfaring kan du òg få kombinere arbeid mellom sengepost og medisinsk intermediær overvaking (MIO). Alle som jobbar dagtid i poliklinikken, har også vakter på sengeposten.

Her jobbar vi saman som eit lag – med fagleg engasjement, støtte frå kollegaer og godt humør.

Kvardagen vår er variert og utfordrande – og vi løyser oppgåvene saman, med felles kompetanse og samarbeid.

Opplæring

Når du startar hos oss, får du eit tilpassa opplæringsprogram som skal gjere deg trygg og godt ivaretatt i den nye rolla.

Korleis jobbar vi

I avdelinga jobbar vi i tverrfaglege team, der ulike yrkesgrupper samarbeider tett for å gi best mogleg behandling til pasientane.

Som sjukepleiar jobbar du i ein tredelt turnus, medan helsefagarbeidarane har todelt turnus. Vi brukar ein 12-månaders kalenderplan som gir rom for medverknad og fleksibilitet.

Jamlege øvingar

Vi har eigne øvingsleiarar (fasilitatorar) som gjennomfører årlege simuleringar i HHLR (hjarte- og lungeredning).

Vi har òg vekentlege øvingar knytt til NEWS (National Early Warning Score) og andre akutte situasjonar, der vi blant anna øver på overvaking av pasientar sine livsviktige funksjonar og oppdage tidlege teikn på forverring i helsetilstanden.

Oppgåver

Hos oss får du jobbe med:

  • utgreiing, pleie og behandling av pasientar
  • oppfølging av pårørande
  • iverksetting av sjukepleiertiltak
  • samhandling med kommunen
  • veiledning av studentar og kollegaer
  • delta i utviklings- og forbetringstiltak

Ta gjerne kontakt med oss!

Sist oppdatert 08.07.2025