Lungemedisin, Haugesund sjukehus

Vi tilbyr diagnostikk, behandling, rehabilitering og førebygging av sjukdommar i lungene, i hovudsak infeksjonar, KOLS og kreft. I seksjonen vår har vi sengepost og poliklinikk, og ein dagpost for utgreiing av lungekreft. Tuberkulosekoordinatoren i Helse Fonna er tilknytta oss.

Lungerehabilitering er eit tilbod til deg med emfysem, kronisk bronkitt og KOLS. Har du ein kronisk lungesjukdom kan du å få hjelp til ein lettare kvardag gjennom lungerehabilitering.


Kva er lungerehabilitering?

Rehabiliteringsprogrammet går over fem veker og inneheld fysisk trening, ernæringsrettleiing, sjukdomslære, medisinsk behandling og anfallsmestring.
Gjennom programmet får du moglegheit til å vere aktivt involvert i din eigen helseomsorg og dermed få betre livskvalitet og mindre pusteproblem.
Ofte opplever kursdeltakarane at dei får svar på mange av dei spørsmåla dei har stilt seg sjølv i etterkant av diagnosen, som for eksempel:

  • Kvifor er eg så tung i pusten?

  • Korleis verker medisinane?

  • Kan eg trene?

  • Er det farleg å bli tungpusta?

Tverrfagleg team følgjer deg opp. I rehabiliteringskurset er vi fleire helsefaggrupper som jobbar saman i eit team. Undervegs blir vi godt kjent med mange deltakarar.


Målet med rehabiliteringa


Vårt mål med lungerehabiliteringskurset er at vi saman skal jobbe for at du skal få mildare symptom, bli meir uthaldande og få auka livskvalitet.

Ønskjer du å delta på kurs? Det einaste du treng å gjere er å be fastlegen din sende en tilvising til oss. Når vi får tilvisinga kallar vi deg inn til enkel testing av lunge- og hjartefunksjon for å finne ut om du kan delta på eit av våre kurs.


Ved kurset deltek 8-10 deltakarar i ei gruppe. Det går over fem veker, to dagar kvar veke. Kursdagane inneheld undervising, trening og ein god lunsj.
Du må betale ein liten eigenandel for kurset, men dette får du informasjon om ved innkalling, før du eventuelt vel å delta.


Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lungemedisinsk seksjon ligg i austre del av 2. etasje ved Haugesund sjukehus.

Vi har resepsjon i midtre del av blokka. Dersom du bruker heisen ved resepsjonen i 1. etasje, kjem du ut like ved luka vår i 2. etasje.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Gode råd til deg som vil slutte å røyke

Å slutte å røyke er bra for helsa di, men det er opp til deg å ta valet. Viss du har bestemt deg, vil vi gjerne gi deg nokre tips for å lukkast.
Sjå våre 10 gode råd
En hånd som holder en hvit smarttelefon