Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon til pasientar med Langtids Mekanisk Ventilasjon (LTMV)

Alle som får LTMV behandling kan få kontroll og oppfølging frå sjukehuset heime.

Føresetnaden er at du har ein person hjelper deg med å sette på utstyret. 

Korleis kjem du i gang?

  • Du vil motta eit innkallingsbrev frå lungepoliklinikken i posten.
  • Du får samtale med lege. Samtalen skjer enten på telefon eller heimebesøk. 

Du får same oppfølging som på sjukehuset

  • Nattleg måling av karbondioksid (CO2) og oksygen (O2). Målinga viser om pustemaskina er riktig innstilt for deg og ditt behov. 
  • Blodgass og pusteprøvar.
  • Nedlasting av data frå pustemaskinen.
  • Sjukepleiar hjelper deg med opplæring og bruk av maske.  
  • Samtale med lege om behandling og vidare plan.

Fordelar med heimesjukehus

  • Spesialistbehandling i kjente og trygge omgivnadar.
  • Du slepp transport til og frå sjukehuset.
  • Du får vere med å påverke, og ta meir aktiv del i behandlinga. 
  • Tilgang til erfarne legar og sjukepleiarar. 
  • Du får sove i eige seng. 

Korleis fungerer heimesjukehuset?

Dag 1

Ein sjukepleiar kjem heim til deg med utstyret du skal sove med.

  • Du, og/eller personen som skal hjelpe deg med utstyret, får skriftlig og muntlig opplæring om korleis utstyret skal brukast.
  • Under kontrollen blir data frå pustemaskina henta ut, slik at helsepersonell kan sjå korleis ho har fungert.
  • Det blir tatt blodgass og pusteprøvar.

Natt

  • Du setter på utstyret rett før du legg deg, og tar det av når du vaknar.
  • Utstyret skal vere på heile natta.

Dag 2

  • Sjukepleiaren hentar utstyret.
  • Du har ein samtale med behandlande lege på telefon.
  • Du blir satt opp til ny poliklinisk time for oppstart av LTMV ved behov.
Sist oppdatert 01.10.2025