Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevrologisk poliklinikk

Nevrologisk poliklinikk utgreier og behandlar pasientar med sjukdom og tilstander i hjerne, ryggmarg, nervesystemet og i musklar.

På poliklinikken følgjer vi opp diverse nevrologiske tilstandar, som til dømes parkinson syndrom, multippel sklerose (MS), epilepsi, hjerneslag, ALS, hjernesvulst, Huntingtons, dystoni og hodepine. Vi tilbyr også behandling med botuliniumtoksin.

Når du kjem til oss

Når du kjem til timen, melder du deg via SMS-en du har fått eller på automaten ved hovudinngangen i 1. etasje på Haugesund sjukehus.

Når du har sjekka inn, går du til ventesona vår i 6. etasje.

Følg med på skjermen på veggen. Der får du beskjed når det er din tur.

Treng du hjelp? Ta kontakt med ekspedisjonen vår i 6. etasje.

Hugs å ta med medisinliste

Har du din første time hos oss, må du ta med ei oversikt over medisinane du bruker. Lista bør innehalde namn på medisinen, dosen, kor ofte du tek han, og om medisinen er fast eller ved behov.

Vil du ha nokon med deg?

Pasientar kan ta med seg ein pårørande eller ledsagar til timen dersom dei ønskjer det.

 

Sist oppdatert 13.11.2025