Nevrologisk sengepost
Vi behandlar innlagde pasientar med nevrologiske sjukdomar og tilstandar. På sengeposten har vi òg nevrologi- og slagseksjon for akutt behandling av slagpasientar.
Våre hovudoppgåver:
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Opplæring og rettleiing av pasientar og pårørande
- Samarbeid med kommunehelsetenesta ved utskriving
Open dør
Vi har tilbod om open dør til pasientar med kreft som er under behandling.
Dersom tilstanden din blir verre, kan du ta direkte kontakt med oss.
Visittid
Besøkstid er frå 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Det er ikkje lov å ha blomar på avdelinga.
Kva skal du ta med deg?
Vi ønskjer at du har med privat tøy, gode sko og toalettsaker. Det er ikkje lov å bruke parfyme eller andre produkt med sterke lukter.
Pasienttøy
Vi har eit eige skap på gangen med pasienttøy som pasienten kan henta sjølve ved behov. Dette skapet er merka.
Medisinar
Medisinane du treng under sjukehusopphaldet skal du i utgangspunktet få hos oss. Nokre medisinar som inhalasjonar eller andre spesielle medisinar må du ha med sjølv. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider.
Legevisitt
Legevisitten er mellom klokka 10.00 og 13.00 alle kvardagar. Det er ikkje fast legevisitt i helga, men nye pasientar vil bli vurderte av nevrolog.
Dersom pårørande ønskjer å vere med på legevisitten, kan de avtale dette med avdelinga. Vi ønskjer å ha kontakt med éin hovudpårørande under opphaldet. Denne personen formidlar informasjon vidare til resten av familien.
Blodprøvetaking
Blodprøvar er ein viktig del av utgreiinga. For at alt skal gå så smidig som mogleg, er det viktig at du er på rommet når blodprøva blir tatt.
Spør personalet om tidspunktet for prøvetaking. Namnebandet du får skal vere på heile tida du er innlagd.
Undersøkingar
Dei fleste undersøkingar skjer mellom kl. 08.00 og 15.30 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.
Det kan vere vanskeleg å gi nøyaktig tidspunkt for undersøkingar. Du må difor rekne med noko venting.
Bruk av telefonar
Du kan bruke mobiltelefon når du er innlagd. Av omsyn til andre pasientar og dei som jobbar her, ber vi deg avgrense talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet. Dette er for å sikre ro og trivsel for alle.
Du kan gjerne sjølv orientere pårørande om sjukdomsforløpet, planlagt utreise og anna som er viktig. Dersom dine pårørande ønskjer å snakke med sjukepleiar eller lege, er dei hjarteleg velkomne til å ta kontakt med oss.
Måltid
Måltidene blir servert i pasientkantina. For dei som av helsemessige årsaker ikkje kan gå i kantina, vil mat bli servert på treningskjøkkenet eller på rommet.
Når du går i pasientkantina må du ha på deg privat tøy.
Alle pasientar får servert den same maten. Har du matallergi eller andre spesielle behov, gi beskjed til personalet.
Vi har eit pasientkjøleskap i gangen. Her kan du sette privat mat og drikke om du ønskjer. Merk alt med initialane dine, og ta det med deg når du reiser heim. På gangen finn du også ein dispenser for vatn.
Pårørande kan kjøpe mat i kantina i 6. etasje eller i Narvesen kiosken i 1. etasje. Kantina i 6. etasje er stengd i helger og på heilagdagar.
Tidspunkt for måltid
- Frukost: kl. 08.00-09.30
- Lunsj: kl. 11.30-13.00
- Middag: kl. 14.30-15.30
- Kveldsmat: kl. 18.30-19.30
Verdisaker og eigedeler
Sjukehuset har ikkje har ansvar for private eigedeler og verdisaker.
Sjukehusprest og sosionom
Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest eller sosionom.
Behov for kommunal hjelp
Dersom du har kommunal hjelp frå før, eller treng det etter utskriving, sender vi melding til kommunen innan det første døgnet. Meldinga inneheld:
- Kvifor du er innlagd
- Kva behandling du får
- Kva hjelp du kan trenge ved utreise
- Om lag når du skal reise heim
På utreisedagen er det kommunen som avgjer kva hjelp du kan få. Vedtaket blir gjort på bakgrunn av dei opplysningane vi har sendt.
Transport heim
Ved permisjon, må du ordne transport sjølv. Det blir ikkje gitt refusjon.
Når du blir utskriven, dekkjer Pasientreiser den billigaste reisemåten (vanlegvis buss) dersom du har meir enn 10 km reiseveg. Du har berre rett til drosje dersom det er medisinske grunnar. Du må betale eigenandel.
Vi set pris på om pårørande kan hente deg ved heimreise.
Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport.