Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Parkinsons sjukdom/bevegelsesforstyrringar
Parkinsons sjukdom utviklar seg gradvis, og det kan vere utfordrande å stille tidleg diagnose. Vi treng detaljerte opplysningar for å utelukke andre former for parkinsonisme.
Avdelinga du tilvisar til
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus.
Tilvisinga bør innehalde
- Klar problemstilling med beskriving av motoriske hovedsymptom
- Kviletremor
- Bradykinesi
- Rigiditet
- Balansevanskar
- Ikkje-motoriske symptom
- Redusert luktesans
- Søvnforstyrringar (f.eks. REM-søvnatferdsforstyrring)
- Blære/tarmforstyrring
- Depresjon eller kognitiv svikt
- Symptomutvikling
- Debut
- Progresjon
- Kva kroppsdelar som er affiserte
- Tidligere utgreiing
- CT/MR caput
- Medikamentliste
- Særleg psykofarmaka (med tanke på medikamentutløst parkinsonisme)
- Respons på levodopa-forsøk (dersom Madopar eller Sinemet er prøvd)
Sist oppdatert 28.01.2026