Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus

Hodepine, inkludert migrene

Hodepine er eit svært vanleg symptom. Som oftast er hodepina ufarleg, og det blir ikkje påvist underliggjande sjukdom. Behandlinga avheng av kva diagnose pasienten har.

Rett til vurdering hos spesialist

Tilstanden skal reknast som sannsynleg alvorleg, og pasienten skal ha avgrensa moglegheit for livsutfalding.

Tilvisingar kan bli avviste for pasientar som tidlegere er vurderte hos spesialist fleire gonger, der all dokumentert behandling allereie er prøvd, og der ei ny konsultasjon ikkje er venta å gi «betydningsfull nytte».

Pasientar med ukomplisert migrene eller spenningshodepine, med normale funn ved bildeundersøking utan nevrologiske tilleggssymptom, vil ikkje ha rett til vurdering hos spesialist.

Tilvisinga skal innehalde anfallsanamnese

  • Utløysande faktorar
  • Lokalisasjon og smertekarakter
  • Ledsagande karakteristikkar: Lys – og lydsky? Kvalme og el. brekningar?
  • Varigheit og hyppigheit, kartlagt med hodepinekalender/Brain Twin hodepinedagbook
  • Effekt av anfallsmedisin (smertestillande / triptanar)
  • Mistenkt type hodepinesyndrom (migrene, spenningshodepine, klasehodepine, eller anna)

Supplerande nøkkelinformasjon

  • Førebyggjande medisinar forsøkt
    Oppgi type medikament, dose og varigheit av behandling.
    Vanleg brukte førebyggjande medisinar for migrene: Metoprolol, Kandesartan, Amitriptylin.
  • Andre sjukdommar (komorbiditet)
  • Psykososial informasjon
  • Resultat frå bildeundersøkingar (MR caput) 
  • Papilleundersøking, visus hos optikar/ øyelege
  • Forsøkt avvenning ved overforbruk av anfallsmedikament. Oppgi resultat.
  • Blodtrykk, puls og eventuelt EKG

Spørsmål før besøket

Nytilviste pasientar vil få eit spørjeskjema via det digitale kartleggingsverktøyet Checkware for betre og meir effektiv kartlegging av symptom.

Oppfølging

Hovudregelen er vidare oppfølging hos fastlegen.

  • Effekt av igangsatt behandling blir vurdert ut frå hodepinedagbok.
  • Fastlegen vurderer oppstart av dei alternativa som er omtala i brevet frå nevrologen.

Unntaksvis blir det tilbydd ny kontroll ved nevrologisk poliklinikk.

Sjå nyttig informasjon om ulike hodepinesjukdommar, diagnostikk og behandling hos Norsk senter for hodepineforskning (NorHead): Hodepine: diagnose, utredning og behandling - St. Olavs hospital HF

Øyeblikkeleg hjelp

Ved hyperakutt eller kraftig forverra hodepine kan det vere behov for innlegging ved Nevrologisk avdeling. Ta kontakt med vakthavande nevrolog for vurdering.

Sist oppdatert 23.02.2026