Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus

Multippel sklerose (MS)

Ei tilvising ved mistanke om MS må innehalde ei tydeleg og heilskapleg oversikt over symptom, funn og tidlegare utgreiing.

Avdelinga du tilvisar til

Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus.

Tilvisinga bør innehalde

  • Problemstilling: Nevrologiske symptom som gir mistanke om MS (synsforstyrringar, balanseproblem, føleforstyrringar, pareser, blære-/tarmforstyrringar).
  • Sjukehistorie: Tidlegare episodar med nevrologiske symptom.
  • Orienterande nevrologisk undersøking.
  • Bildediagnostikk: MR av hjerne og ryggmarg (vedlagt beskriving, dato og sted for undersøking)
  • Oppdatert medikamentliste.

Viktig informasjon:

  • Hastegrad: Må tilpassast alvorlegheitsgraden av symptoma.
  • Ved nyoppståtte, alvorlege nevrologiske utfall bør vakthavande nevrolog kontaktast for vurdering av om det er behov for akutt hjelp.
Sist oppdatert 28.01.2026