Nevrologisk seksjon

Vi undersøker og behandlar pasientar med mistanke om sjukdomar i hjerne, ryggmarg, nerver og muskulatur.

Hos oss finn du nevrologisk team og akutt slagteam. På vår avdeling er det legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sekretær. Vi samarbeider tett med ulike faggrupper.  Du vil også treffer ergoterapeut, fysioterapeut, logoped, sosionom, prest, nevropsykolog og studenter knyttet til de ulike yrkesgrupper.

Besøkstid er frå 17.00-18.30 alle dagar. Besøk utanom desse tidene må avtalast med personalet. Det er ikkje lov å ha blomar på avdelinga mellom anna grunna allergiar hos pasientar og tilsette.

Vi ønskjer at du har med privat tøy, gode sko og toalettsaker. Det er ikkje lov å bruke parfyme eller andre produkt med sterke lukter.

Medisinane du treng under sjukehusopphaldet skal du i utgangspunktet få hos oss. Nokre medisinar som inhalasjonar eller andre spesielle medisinar må du ha med sjølv. Dersom du skal ha intravenøs antibiotika, blir dette gitt til faste tider. 

Legevisitten er mellom klokka 10.00 og 12.00 alle kvardagar. Det er ikkje fast legevisitt i helg, men nye pasientar vil bli tilsett av nevrolog.

Har dine pårørande ønskje om å delta på legevisitten, kan dette avtalast på avdelinga. Vi ønskjer å halde oss til ein hovudpårørande under opphaldet. Denne kan dele informasjon som blir gitt til resten av familien.

Blodprøver er ei viktig del av utgreiinga. For at behandlingsflyten skal bli best mogleg er det viktig at du er på rommet ditt den tida vi tar blodprøva.

Høyr med personalet om når du skal ta blodprøve. Det er viktig at namnebandet du får er på under heile opphaldet.

Dei fleste undersøkingar skjer mellom klokka 08.00 og 15.30 på vekedagar. Nokre undersøkingar krev førebuing. Du får nærare informasjon om dette.

Tidspunkt for undersøkingar kan vere vanskeleg å gi, venting må difor påreknast.

Vi har eit eige skap på gangen med pasienttøy som pasienten kan henta sjølve ved behov. Dette skapet er merka.

Det trådlause nettverket er gratis for pasientar, pårørande og besøkande.  Vel nettverket gjest.ihelse.net på din pc, mobil eller nettbrett. Opne nettlesaren, fyll inn telefonnummer og godta vilkåra. Brukarnamn og passord blir sendt til deg på SMS. Legg inn brukar og passord. God surfing.

Du kan bruke mobiltelefon hos oss. Bruk gjerne denne når du skal kontakte familie og vener. Av omsyn til andre pasientar og personalet er det greitt du avgrensar talet på telefonsamtalar inne på pasientrommet.


Du kan gjerne sjølv orientere pårørande om sjukdomsforløpet, utreise med meir. Har dine pårørande behov for å snakk med sjukepleiar eller lege er de hjerteleg velkommen til å ta kontakt.


Telefonnummeret til avdelinga er 52 73 25 30 eller ring til 52 73 20 00 og be om å bli satt over til nevro- eller slagteam.

Måltidene blir servert i pasientkantina. For dei som har helsemessige årsaker og ikkje kan gå i kantina vil mat bli servert på treningskjøkken eller på rommet.


Når du går i pasientkantina må du ha på deg privat tøy.


Det er den same maten som serverast til alle. Har du matallergi eller andre særskilte behov må du gi beskjed til personalet om dette.


Vi har eit pasientkjøleskap i stova. Her kan du sette privat mat og drikke om ønskeleg. Dette må merkast med initialar og fjernast ved utreise. På gangen kan du nytte dispenser for vatn.


Pårørande kan kjøpe mat i kantina i 6. etasje eller i kiosken. Kantina i 6. etasje er ikkje open i helgene eller heilegdagar.


Tidspunkt for måltid

  • Frukost: 8.00-9.30
  • Lunsj: 11.30-13.00
  • Middag: 14.30-15.30
  • Kveldsmat: 18.30-19.30

Det er kiosk i første etasje ved sjukehuset.


Opningstider

  • Måndag til fredag: 06.30-21.00
  • Laurdag: 9.00-20.00
  • Søndag: 10.00-20.00

Gi oss beskjed dersom du har behov for å snakke med prest eller sosionom.

Har du kommunal hjelp eller er det oppstått behov for kommunal hjelp, vil det i løpet av det første døgnet bli sendt melding til kommunen om årsak til innlegging, behandlingsforløp, hjelpebehov ved utreise og cirka utreisedato.


Vurderingar gjort under opphaldet blir sendt til kommunen.


Ved utreisedag er det kommunen som fattar vedtak for kva hjelp du kan få ut i frå dei opplysningane som er sendt frå oss.

Sjukehusapoteket ligg i første etasje ved resepsjonen. Opningstider er måndag til fredag mellom klokka 09.00 og 16.30.

Ved permisjon må ein ordna transport sjølv. Det er ikkje refusjon til transport ved permisjon.


Pasientreiser dekker billigaste reisemåte (buss) over 10 km. Du har ikkje rett til å få transport dersom det ikkje er medisinske årsaker til at du treng drosje. Du må betale eigenandel sjølv.


Det er fint om pårørande kan hente deg ved heimreise.


Sjå også www.pasientreiser.no for å søke om refusjon for transport.

Sjukehuset har ikkje ansvar for private eigedeler og verdisaker. 

Sjå korleis det er når Elvie tar EEG.


 

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 15:30
  • Tysdag 07:30 - 15:30
  • Onsdag 07:30 - 15:30
  • Torsdag 07:30 - 15:30
  • Fredag 07:30 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
Poliklinikken har stengt i helger og heilagdagar

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Hjerneslag

Kva er symptoma og kva gjer du?
Sjå video
Lege og pasient på sjukehus. (Foto)