Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Onkologisk dageining, Odda

Vi er ein sjukepleiarstyrt poliklinikk som gir kreftbehandling som kjemoterapi (cellegift), antistoff, immunterapi og andre støttebehandlingar. Pasientane som kjem til oss har ulike kreftdiagnosar.

Ofte skjer behandlinga hos oss i kombinasjon med behandlingar på Haugesund sjukehus eller Haukeland universitetssjukehus. Nokre av pasientane vel å ta alle behandlingskurane hos oss, men det er avhengig av type behandling og hyppigheit i oppfølginga.

Behandlingsansvarleg lege vurderer kva type behandling pasientan skal ha, og om denne kan gjennomførast i Odda. Behandlingsansvarleg lege held til i Haugesund eller Bergen.

For mange er det å vere i eit kreftforløp ei stor belastning i seg sjølv. Ved å få behandling lokalt nær der ein bur, slepp pasientar og pårørande lang reiseveg til Haugesund eller Bergen.

Dersom behandlingsansvarleg lege tilvisar deg til oss, lagar legen din ein behandlingsplan for deg som vi følgjer opp her på Odda sjukehus. Behandlingskurane vi brukar blir individuelt tilpassa pasientane våre etter bestilling frå behandlande lege. Desse kurane blir dagleg sendt til oss frå sjukehusapoteket i Haugesund.

Under behandlinga har vi tett dialog med legen din, uavhengig av om legen din er lokalisert i Haugesund eller Bergen.

Pasienten har ein samtale med sjukepleiar i forkant av behandlingskur (cellegift, immunterapi eller antistoff). Då blir pasienten kartlagt og det blir tatt blodprøvar som blir sendt til behandlingsansvarleg lege i Haugesund eller Bergen for vurdering.

På dageininga har vi tre behandlingsstolar der pasienten mottek behandlingskur. Dette skjer enten intravenøst (veneflon) eller via injeksjon (sprøyte).

Pasientane våre kjem ofte frå Kvinnherad og Ullensvang kommune.  

Vi har god kommunikasjon med legane på Haugesund sjukehus og Bergen universitetssjukehus. Skjer det noko som treng akutt behandling, har vi anestesiberedskap på Odda sjukehus.

Pasientar kan ha pårørande med seg under behandlinga dersom dei ønskjer det. Ta kontakt med avdelinga på førehand dersom du vil ha nokon med deg.

Onkologisk dageining Odda er ein sjukepleiarstyrt avdeling med fire sjukepleiarar. Vi har ein kreftsjukepleiar og tre sjukepleiarar med opplæring innan kreftbehandling.

Ettersom vi er ei lita dageining, har vi moglegheit til å gi tett oppfølging til pasientane våre. Vi gir også undervisning og rådgiving til pasientar, pårørande og anna helsepersonell.

Innkallingsbrev blir sendt til deg via Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge.

Har du ikkje tilgang til helsenorge.no eller annan digital postkasse, vil du få brevet i postkassen din som før. 

Nyttige lenker

Kontakt

Telefon til Onkologisk dageining

  • Måndag 07:30 - 15:00
  • Tysdag 07:30 - 15:00
  • Onsdag 07:30 - 15:00
  • Torsdag 07:30 - 15:00
  • Fredag STENGT
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 3. etasje på Odda sjukehus.

En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Praktisk informasjon

Eigendel

Du får dekka deler av utgiftene dine ved behandling hos lege, på poliklinikk eller andre behandlingsinstitusjonar, men du må betale ein eigendel. Frikort for helsetenester får du når du har betalt over eit visst beløp i eigendelar. Det er ulike eigendelar avhengig av helseteneste.

Eigendelar for helsetenester - Helsenorge

Frikort

Du får frikort for helsetenester når du har betalt over eit visst beløp i eigendeler. Når du viser frikort, slepp du å betale eigendelar for resten av kalenderåret.

Frikort for helsetjenester - Helsenorge

Logg inn på helse-norge.no for å endre eller avbestille time. Dersom det er mindre enn to arbeidsdagar til timen din, må du kontakte kontaktsenteret vårt på telefon 52 73 90 00.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i underetasjen (U-etasje).


Opningstider

Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Pasientar med behov for overnatting kan ta kontakt med kontaktsenteret vårt på telefon 53 65 10 00. Du må gi beskjed i god tid på førehand. 

Vi kan tilby rom med enkel standard i vårt hybelhus, som ligg ca. 50 meter frå sjukehuset. Rommet har telefonforbindelse med kirurgisk overvakingspost. Det har også ei ekstra seng dersom du har med deg pårørande.

I hybelhuset er det tilgang til felles kjøkken og bad. Har du behov for kveldsmåltid, må dette bringast med.

Du hentar nøklar i ekspedisjonen, som ligg rett ved hovudinngangen i 1. etasje på sjukehuset. Ekspedisjonen er betjent frå kl. 07.30 til 18.00 måndag til fredag. Kjem du etter kl. 18.00, kan du ringe på døra. Personalet vil då kome for å hjelpe deg.

Du vil få faktura for overnatting på hybelhuset. 

Du kan ta kontakt med pasientreiser for informasjon om reiser til og frå offentleg godkjent behandling.

Alternativ overnatting i Odda

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
 
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Der kan du parkere gratis.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Reserverte parkeringsplassar

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen. 

På parkeringsplassen sør for sjukehuset finn du reserverte plassar for blodgivarar. 

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren og godta vilkår for bruk 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

God surfing.