Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon og anestesi, Odda sjukehus

Viktig informasjon til deg som har fått time til operasjon

Du som skal ha eit kirurgisk inngrep hos oss, får informasjon om inngrepet og korleis du skal førebu deg i innkallingsbrevet.

Vi ber deg lese innkallingsbrevet nøye – og i god tid før timen. Dei fleste må førebu seg før operasjonen, til dømes ved å faste, tømme tarmen eller ta ein pause i medisinbruk.

Dersom du kjem utan å vere førebudd, kan vi måtte endre timen din. Då risikerer du lengre ventetid.

Du finn innkallingsbrevet når du loggar deg inn på Helsenorge – din helse på nett - Helsenorge.

Dersom du ikkje har tilgang til Helsenorge eller digital postkasse, får du brevet i den vanlege postkassen din.

Sist oppdatert 03.06.2025