Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Heimreise frå Ortopedisk sengepost

Her er viktig informasjon om kva du må gjere når du reiser heim frå sjukehuset. Les nøye gjennom punkta under.

Når skal du fjerne sting (sutur)?

Som oftast blir det brukt innvendige sting som forsvinn av seg sjølve. Berre klips eller utvendige sting skal fjernast. Desse skal fjernast:

  • Kneprotese: 21 dagar etter operasjonen
  • Hofteprotese: 14 dagar etter operasjonen

Når kan du dusje?

Vanlegvis kan du dusje når såret er tørt. Du får meir detaljert informasjon utreisedagen.

Når kan du køyre bil?

Du kan køyre bil når du er i stand til å tråkke hardt på bremsen, treffe rett pedal og har kontroll på foten. Det er ditt ansvar å vurdere om du er i stand til dette som bilførar, i tråd med vegtrafikklova.

Begrensingar

Unngå å sitje i djupe stolar dei første 3 månadane.

Kva du bør vere merksam på

Det er vanleg å vere litt hoven rundt operasjonssåret. Dette går som regel over.

Dersom du dei første tre månadane etter operasjonen opplever at området er raudt, varmt, gir aukande smerter og du har feber, bør du kontakte ortopedisk poliklinikk.

Start ikkje med antibiotika på eiga hand etter du er utskriven frå sjukehuset.

Ved mistanke om infeksjon i såret, skal du leggjast inn på sjukehuset og få tatt prøvar FØR antibiotikabehandling startar.

Kor lenge skal du bruke krykker?

Du bør bruke krykker i 2–6 veker for å avlaste musklar og muskelfester som har vore opererte.

Vanlegvis kan du belaste inntil smertegrensa.

Etterkontroll

Du får anten kontrolltime og røntgen ved utreise, eller melding på SMS. Kontrollen blir utført av fysioterapeut. 

Trening og bevegelse

Følg råda frå fysioterapeuten om trening og øvingar.

I tillegg bør du vere i normal bevegelse – gjerne korte og hyppige turar framfor lange og sjeldne.

Sist oppdatert 06.11.2025