Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon til deg med prolaps i ryggen

Her finn du informasjon om kva eit prolaps er, kva symptom du kan oppleve, og kva som skjer dersom du treng operasjon.

Smerter i ryggen

Smerter i ryggen er svært vanleg. 60–80 % av befolkninga får ryggsmerter ein eller fleire gonger i løpet av livet.

Smerte som strålar frå ryggen til beina kan skuldast trykk mot ei nerverot i ryggsøyla. Dette kan vere forårsaka av prolaps eller aldersforandringar som forkalkningar.

Anatomi

Virvlane i ryggen er skilte frå kvarandre av mellomvirvelskiver. Skivene har ein sterk ytre ring og ei mjuk kjerne. Mellom virvlane er det ledd som, saman med musklane, gjer at ryggen er stabil og kan bevege seg. Med alderen skjer det normale forandringar både i mellomvirvelskivene, ledda og muskulaturen.

Kva er eit prolaps?

Eit skiveprolaps skjer når det går ein sprekk i den ytre ringen på mellomvirvelskiva, og den mjuke kjernen pressar seg ut og trykkjer på nerveroten. Dette trykket, saman med betennelse, kan føre til smerte.

Smertene kan stråle frå ryggen til hofte, lår, legg og fot – dette kallar vi isjias. I tillegg til smerter, kan du oppleve nummenheit i huda, prikkingar og redusert muskelkraft.

Fleire faktorar kan spele inn. Arv er truleg den viktigaste. Overvekt og yrke med tung fysisk aktivitet har også mykje å seie.

Ryggsmerter utan utstråling til beina blir sjeldan betre av operasjon. Mange har også prolaps utan å kjenne smerter.

Operasjonsteknikk

Inngrepet blir gjort i narkose. Kirurgen brukar mikrokirurgisk teknikk og opererer gjennom eit 3–4 cm langt snitt på ryggen, ved hjelp av mikroskop.

Under operasjonen blir ein liten del av leddet og noko bein fjerna, før nerven blir trykt til side og prolapsen fjerna. Operasjonen tek vanlegvis om lag 60 minutt.

Risiko

Sannsynet for alvorlege komplikasjonar er om lag 1 prosent. Blødingar og sårinfeksjon kan oppstå, slik som ved alle kirurgiske inngrep.

Varig nerveskade er svært sjeldan, men det er vanleg å oppleve noko nummenheit og/eller nervesmerter i nokre månader etter operasjonen.

Den største risikoen er å få eit nytt prolaps på same staden. Opptil 20 prosent av dei som blir opererte, opplever dette. Nokre av desse treng ny operasjon.

Sist oppdatert 06.11.2025