Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Til deg som skal leggjast inn på Ortopedisk sengepost

Her får du viktig informasjon om førebuingar før operasjonen, kva du må ta med deg, og kva som skjer under opphaldet. Du får også vite kva prøvar som må takast, kor lenge du kan forvente å verre innlagd, og kva du bør vere merksam på før inngrepet.

Før operasjonen

Vanlegvis blir du lagt inn på sjukehuset på operasjonsdagen. Då må du møte fastande til avdelinga. Du får ein poliklinisk time dagen før operasjonen for samtale med kirurgen.

2–3 veker før innlegging får du ein poliklinisk time for å førebu operasjonen. Du får samtale med anestesilege og turnuslege, og det blir teke nye røntgenbilete dersom det er nødvendig.

Dersom du skal opererast i hofte eller kne, får du informasjon frå fysioterapeut. Blodprøvene blir tekne på laboratoriet i 1. etasje.

Du må fylle ut eigenmelding om helsetilstanden din elektronisk før operasjonen. Følg lenka du får i innkallingsbrevet. Dersom du ikkje får dette til, kan du fylle ut skjemaet når du kjem til avdelinga.

Ved innlegging

På avdelinga blir du møtt av ein sjukepleiar som gir deg meir informasjon om sjukehusopphaldet. Du får samtale med lege og sjukepleiar.

Ved hofte- og kneoperasjon må du ta ein urinprøve hos fastlegen din ei veke før innlegging. Dersom prøven viser bakterier og du må starte behandling, må sjukehusavdelinga få beskjed.

Ta med deg

  • Gode sko og treningsklede til opptreninga (særleg ved hofte og kneoperasjonar)
  • Gjerne gripetang, skohorn og krykker

Unngå barbering, voksing eller epilering nær operasjonsområdet den siste veka før inngrepet.

Viktig informasjon

Dersom du har vore innlagd på sjukehus utanfor Norden og Nederland dei siste 12 månadene, må du kontakte fastlegen din for prøvetaking frå neseslimhinna og eventuelt frå sår. Dette er for å utelukke at du er bærer av MRSA (meticillinresistente gule stafylokokkar). Prøvesvaret må vere klart før du kan få behandling ved sjukehuset.

Liggetid

  • Hofteprotesepasientar: 2–3 dagar
  • Kneprotesepasientar: 2–4 dagar
  • Ryggpasientar: 1–2 dagar

Du må hugse

  • Brukar du blodfortynnande medisin, må du ringe avdelinga for nærare avtale.
  • Du må ikkje ha sår, utslett, rifter eller kviser på huda når du skal opererast. Ta kontakt med avdelinga dersom du oppdagar dette.
  • Sjukehuset har ikkje ansvar for private eigedelar under opphaldet.
Sist oppdatert 06.11.2025