Ortopedisk sengepost
Lårhalsbrot (hoftebrot)
Her finn du informasjon om kva hoftebrot er, korleis dei blir behandla, og kva du kan forvente før, under og etter operasjonen. Du får også råd om smertelindring, opptrening, ernæring og vidare oppfølging etter utskriving.
Kva er eit hoftebrot?
Hoftebrot er brot i øvre del av lårbeinet, ofte kalla lårhalsbrot. Dette skjer oftast hos eldre med beinskjørheit, og dei fleste har falle frå eigen høgde.
Eit hoftebrot må opererast. Det er to typar hoftebrot, og typen avgjer kva operasjonsmetode som blir brukt:
- Lårhalsbrot blir operert med anten hofteprotese eller to skruar gjennom lårhalsen som held brotet på plass.
- Brot nedanfor lårhalsen blir operert med anten ein solid skrue festa til ei plate langs lårbeinet, eller med ein margnagle ned gjennom lårbeinet.
Smerter
Du vil trenge smertestillande både før og etter operasjonen. Ortopeden vurderer fortløpande kva type smertelindring som passar best. Det er vanleg at smertene gradvis blir mindre. Ved utskriving får du resept på smertestillande frå ortopeden. Dersom du framleis har behov for smertelindring etter heimkomst, kan fastlegen hjelpe deg vidare.
Etter operasjon
Aktivitet er viktig etter operasjonen. Du kjem deg fortare og førebyggjer komplikasjonar som lungebetennelse, blodpropp, liggesår og problem med vasslating og forstopping.
Opptreninga startar allereie operasjonsdagen. Ta initiativ til å vere i aktivitet – personalet vil hjelpe deg dei første dagane.
Når skal eg skifte på såret?
Du skal berre byte operasjonsbandasjen dersom den blir våt, losnar frå huda eller er meir enn halvfull av blod eller sårvæske. Du skal ikkje stelle operasjonssåret – legg berre på ein ny og rein bandasje.
Dersom du har sting, skal dei fjernast hos fastlegen nokre veker etter operasjonen.
Kan eg få infeksjon?
Det er alltid ein risiko for infeksjon etter eit kirurgisk inngrep. Viktige teikn på infeksjon er:
- Rødt, hovent og irritert operasjonssår
- Puss frå såret
- Feber
- Aukande smerter
- Nedsett allmenntilstand
Er du i tvil, ta kontakt med avdelinga.
Osteoporose
Osteoporose, eller beinskjørheit, er ein tilstand der skjelettet har redusert styrke på grunn av mindre beinmasse og endra beinstruktur. Det aukar risikoen for lavenergibrot – brot som ikkje ville oppstått ved normal beinstyrke.
Osteoporose er ofte den underliggande årsaka til hoftebrot. Det er derfor viktig å starte behandling etter eit hoftebrot for å førebyggje nye brot. Behandlinga blir følgt opp vidare av fastlegen din.
Ernæring
Etter operasjonen er det viktig å få i deg næringsrik og proteinrik mat, og rikeleg med drikke. Riktig kosthald bidreg til at brotet og såret gror raskare. Det kan også redusere risikoen for trykksår.
Utskrivingsplan
Før du reiser heim frå sjukehuset, vil vi snakke med deg om behovet for opptrening. Det er viktig å planlegge heimreisa mens du er innlagd.
Sjukehuset kontaktar kommunehelsetenesta der du bur, og sender opplysningar om funksjonsnivået ditt og kva type hjelp du treng.
Etter du har kome heim, er det kommunen som har ansvar for å vurdere helsetilstanden din og gi deg helse- og omsorgstenestene du har behov for.
Dei fleste kan reise rett heim med tilrettelagd hjelp frå heimesjukepleien. Nokre treng eit korttidsopphald i kommunen.
Du kan få hjelp til dagleg stell, handtering av medisinar, sårbehandling og andre medisinske prosedyrar.
Trening etter utskriving
Sjølv om du trener hos fysioterapeut, er det viktig å trene på eigenhand. Treninga bør innehalde balanseøvingar, styrketrening og gangtrening. Dette kan redusere risikoen for nye fall.
Fastlege
Epikrisen blir sendt elektronisk til fastlegen din. Vi anbefalar at du har ein kontrolltime nokre veker etter hofteoperasjonen.